Gostivar

From Wikipedia, the free encyclopedia

Gostivarmap
Remove ads

Gostivar (makedonsk Гостивар; albansk Gostivari) er ein by og ein kommune i den øvre Pologdalen i regionen Polog i Nord-Makedonia. Den noverande kommunen vart oppretta i 2002 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane Gostivar, Dolna Banjitsa, Vrutok, Srbinovo og Tsjegrane. Samstundes vart busetnaden Kjafa overført frå den tidlegare kommunen Oslomej og Brodets frå Mavrovi Anovi.

Kjappe fakta Gostivar Гостивар Gostivari, Land Statistisk region ...

Kommunen hadde 59 770 innbyggjarar ved folketeljinga i 2021, medan sjølve byen hadde 33 814 innbyggjarar.[1]

Gostivar ligg ved foten av fjellet Šar Planina og elva Vardar renn gjennom byen. Byen har gode bil- og jernbanesamband til Tetovo, Skopje, Kitsjevo, Ohrid, og Debar. Ein moderne motorveg vart bygd i 1995 frå Gostivar til Tetovo.

Klokketårnet i byen er eit av dei viktigaste monumenta her, og vart bygd av osmanarane i 1566. Moskéen Beg Mahala vart bygd i 1688 av Ebu Bekir, sonen til pasja Kara Mustafa.

Remove ads

Busetnader i kommunen

Dei største busetnadene i kommunen var i 2002:

Meir informasjon Busetnad, Folketal 2002 ...
Remove ads

Kjelder

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads