Got Live if You Want It!

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Got Live If You Want It! er det første konsertalbumet til The Rolling Stones. Det vart gjeve ut i USA seint i 1966. Det vart ikkje offisielt gjeve ut i Storbritannia, som i staden fekk ei EP-utgåve i 1965. Albumet vart gjeve ut for å oppfylle kontrakten med det amerikanske plateselskapet London Records. Bandet sjølv var ikkje nøgd med albumet og såg heller på Get Yer Ya-Ya’s Out! (1970) som deira første verkelege konsertalbum.

Meir informasjon Kritikk, The Rolling Stones-kronologi ...

Konsertane som songane er henta frå, vart visstnok haldne 1. og 7. oktober 1966 i Newcastle upon Tyne og Bristol under den siste britiske turneen deira på tre år. På plateomslaget står det derimot at songane vart spelte inn i Royal Albert Hall oppført. Sjølv om bandet gjekk i studio i oktober 1966 for å fikse på innspelinga, vart Got Live If You Want It! rekna som eit tamt og temmeleg dårleg konsertalbum. Studioinnspelingane «Fortune Teller» og «I’ve Been Loving You Too Long» vart med på albumet med lyden av skrikande jenter lagt oppå.

Albumet kom ut i desember, medan gruppa nærma seg slutten på innspelinga av Between the Buttons'. Albumet nådde sjetteplassen i USA tidleg i 1967 og selde til gull. Decca Records gav ut plata i Storbritannia som Have You Seen Your Mother Live!, medan King Records Japan gav ut albumet som Hits LIVE.

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnde

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads