Aftermath

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Aftermath er eit album av The Rolling Stones frå 1966. Albumet var det store kunstnariske gjennombrotet for The Rolling Stones, og var det første albumet deira som berre bestod av songar skrivne av Mick Jagger/Keith Richards. Aftermath var òg det første Rolling Stones-albumet som berre vart spelt inn i USA, i legendariske RCA Studios i Hollywood i California og det første albumet bandet gav ut i stereo.

Meir informasjon The Rolling Stones-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Albumet er òg kjend for den musikalske eksperimenteringa med Brian Jones som speler fleire forskjellige instrument som til då var uvanlege i rock. Mellom anna spelte han sitar på «Paint It, Black», appalachian dulcimer på «Lady Jane» og «I Am Waiting», marimba på «Under My Thumb» og «Out of Time», munnspel på «High and Dry» og «Goin’ Home», samt gitar og tangentinstrument.

Som med alle Stones-album før 1967, var utgåvene som kom ut i Storbritannia og USA forskjellige. Dette var vanlege for dei fleste britiske popalbum på denne tida – og same praksisen vart gjort med til dømes albuma til The Beatles før 1967. Dei britiske albuma inneheldt vanlegvis ikkje singlane som vart gjeve ut, medan desse var med på dei amerikanske utgåvene.

Den (originale) britiske utgåva av Aftermath kom ut i april 1966 som ein fjortenspors LP og dette vert generelt rekna som den definitive utgåva. Han kom mellom singlane «19th Nervous Breakdown» og «Paint It, Black», og vart ein stor hit i Storbritannia der han låg åtte veker på førsteplassen.

Den amerikanske utgåva kom i juni og hadde anna plateomslag og færre songar i ei anna rekkefølgje. Songar som mangla var «Out of Time», «Take It or Leave It», «What to Do» og «Mother’s Little Helper». Dei fire spora vart seinare gjeve ut i USA på andre samlingar, og «Mother’s Little Helper» var alt ute som singel i 1966, og nådde åttandeplass på Billboardlista. I staden for vart hitten «Paint It, Black» med på albumet. Den amerikanske utgåva nådde andreplassen på albumlista i USA. I 2002 vart den amerikanske utgåva av Aftermath rangert som det 108. beste albumet gjennom tidene av musikkmagasinet Rolling Stone.

Remove ads

Britisk utgåve

Den originale britiske utgåva av Aftermath kom ut i april 1966 med fjorten spor. Det kom ut mellom singlane «19th Nervous Breakdown» og «Paint It Black», som ikkje var med på albumet, og vart ein stor hit i Storbritannia med åtte veker på toppen av den britiske albumlista.

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Mick Jagger og Keith Richards

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Nordamerikansk versjon

Meir informasjon Amerikansk The Rolling Stones-kronologi, Singlar frå ...

Den amerikanske versjonen hadde eit anna plateomslag og var kortare. Songane «Out of Time», «Take It or Leave It», «What to Do» og «Mother's Little Helper» vart fjerna. Desse kom seinare ut i USA på andre samleplater, og «Mother's Little Helper» vart òg gjeven ut på singel i 1966 og nådde då åttandeplassen i USA.[9] I staden for vart hitsingelen «Paint It, Black» inkludert. Denne utgåva av Aftermath nådde andreplassen på albumlista i USA og selde etter kvart til platinaplate.[10]

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Mick Jagger og Keith Richards

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Per den britiske utgåva:

The Rolling Stones

Andre medverkande

Salslister og salstrofé

Vekeslister

Meir informasjon År, Liste ...

Singles

Meir informasjon År, Single ...

Salstrofé

Meir informasjon Land, Selskap ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads