Grandine il vento
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Grandine il vento er det 13. studioalbumet til det engelske progressive rockebandet Renaissance, først gjeve ut i 2013 og så gjeve ut på ny som Symphony of Light i 2014. Det vart finansiert gjennom ein Kickstarter-kampanje.[1]
Remove ads
Bakgrunn
Etter bandet vart oppløyst i 2002 kom bandet saman att og heldt konsertar i 2009. I november 2012 døydde gitaristen og komponisten i bandet, Michael Dunford av hjerneblødning.[2] Ein månad seinare sa vokalisten Annie Haslam at bandet kom til å halde fram.[3] I 2013 vart det annonsert at den nye gitaristen i bandet var Ryche Chlanda.[4] I april 2013 kom albumet først ut på Internett, og så på CD. Det vart dedisert til Michael Dunford. Plateomslaget består av eit måleri av Annie Haslam.
To gjestartistar speler på albumet: John Wetton (som òg hadde spelt med Renaissance i 1971) og Ian Anderson (frå Jethro Tull). Det japanske bonussporet «Carpet of the Sun», vart spelt inn under NEARfest Apocalypse i juni 2012.
Albumet kom ut på ny 15. april 2014 på Red River Entertainment som Symphony of Light med tre ekstra spor.[5]
Remove ads
Innhald
Alle songar av Michael Dunford og Annie Haslam, utanom «Carpet of the Sun» av Dunford/Betty Thatcher-Newsinger
Remove ads
Symphony of Light
Medverkande
Renaissance
- Annie Haslam - solo- og korvokal, medprodusent
- Michael Dunford - akustisk gitarar, korvokal, arrangement
- Rave Tesar - piano, klaverinstrument, arrangement
- Jason Hart - klaverinstrument, trekkspel, korvokal, arrangement
- David J. Keyes - bass, kontrabass, solo- og korvokal
- Frank Pagano - trommer, perkusjon, korvokal
Andre medverkande
- Ian Anderson - fløyte på spor 5
- John Wetton - vokal på spor 7
- Tom Brislin - ekstra klaverinstrument på spor 8
- Andy Spiller - arrangement på spor 8
Produksjon
- Rave Tesar - produsent, lydteknikar, miksing og mastering
- Kevin Culligan - leiande produsent
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads