Ian Anderson

britisk songar og komponist From Wikipedia, the free encyclopedia

Ian Anderson
Remove ads

Ian Scott Anderson, MBE, (fødd 10. august 1947), er ein skotsk songar, låtskrivar og multi-instrumentalist, mest kjend som frontmann og fløytist i det britiske rockebandet Jethro Tull. Anderson spelar fleire andre instrument, som akustisk og elektrisk gitar,[1] bass, bouzouki, balalaika, saksofon, munnspel, og forskjellige typar fløyter.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Tidleg liv

Ian Anderson vart fødd som den yngste av tre barn. Faren hans, James Anderson, styrte RSA Boiler Fluid Company[2] i East Port i Dunfermline i Fife i Skottland. Anderson voks opp i Edinburgh i Skottland. Han var påverka av faren sine storband- og jazz-plater og rocken som var på veg opp, men likte ikkje «show biz»-stilen til tidlege amerikanske rock and roll-stjerner som Elvis Presley.[3]

Familien hans flytta til Blackpool i Lancashire i 1959, der han gjekk på Blackpool Grammar School.[4] Han studerte sidan kunst på Blackpool College of Art frå 1964 til 1966.

Remove ads

Karriere

Som tenåring jobba Anderson som salsassistent for Lewis' varehus i Blackpool, så som seljar i ein aviskiosk. Han har seinare fortalt at det var då han las Melody Maker og New Musical Express i pausane sine her at han fekk inspirasjon til å starte eit band.

I 1963 starta han The Blades i lag med skulevenene Barriemore Barlow (trommer), John Evan (tangentinstrument), Jeffrey Hammond (bass) og Michael Stephens (gitar). Dette var eit soul- og bluesband, med Anderson på vokal og munnspel – han hadde ikkje byrja å spele fløyte enno.

Thumb
Anderson med Jethro Tull i Maple Leaf Gardens i Toronto i Canada 24. mars 1977.

På denne tida gav Anderson opp ambisjonen om å spele elektrisk gitar, visstnok fordi han meinte han aldri kom til «å bli så god som Eric Clapton». Som han sjølv fortel i videoen til Live at the Isle of Wight, byta han den elektriske gitaren sin mot ei fløyte, og etter nokre veker med øving, klarte han å spele rock og blues forholdsvis bra. I følgje teksten i plateomslaget til det første Tull-albumet This Was, hadde han berre spelt fløyte nokre få månader før albumet vart spelt inn. Han var likevel ikkje ein dårleg gitarist og heldt fram å spele akustisk gitar og nytta gitaren både som eit melodisk og rytmisk instrument. I løpet av karrieren sin spelte han òg sopransaksofon, mandolin, tangentinstrument og andre instrument.

At han ofte står på ein fot når han spele fløyter skjedde tilfeldig, fordi han ein gong stod på ein fot då han spelte munnspel, og heldt seg i mikrofonstativet for å halde balansen. Under ein lengre speleperiode på Marquee Club, skreiv ein journalist feilaktig at han stod på ein fot medan han spelte fløyte. Anderson valde å leve opp til ryktet og byrja å gjere dette. Nokre av dei første forsøka kan ein sjå i The Rolling Stones Rock and Roll Circus der Jethro Tull spelte.

Thumb
Anderson med Jethro Tull i Hammersmith Odeon i London, mars 1978.

Anderson har spelt inn fleire eigne prosjekt under sitt eige namn og har ofte spelt for andre artistar.

Anderson har spelt inn fleire songar der han sjølv spelar alle instrument, i tillegg til å vere lydteknikar og produsent.

I 1990-låra byrja han å spele enkle bambusfløyter.

I 2003 spelte Anderson inn ein komposisjon kalla «Griminelli's Lament» til ære for venen, den italienske fløytisten Andrea Griminelli.

Remove ads

Diskografi

Studioalbum

Meir informasjon År, Tittel ...

Konsertalbum

Meir informasjon År, Tittel ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads