Great Orme

From Wikipedia, the free encyclopedia

Great Ormemap
Remove ads

Great Orme (walisisk Y Gogarth eller Pen y Gogarth) er eit kalksteinsnes på nordkysten av Wales i Llandudno. Det vart kalla Cyngreawdr Fynydd i eit dikt av Gwalchmai ap Meilyr på 1100-talet.[1] Det engelske namnet stammar frå det norrøne ormr fordi neset skal likna på ein sjøorm.[2] Eit liknande, men mindre nes på andre sida av Llandudno Bay i Llanrhos heiter Little Orme.

Thumb
Great Orme sett frå det tidlegare fyret
Thumb
Det som er att etter palasset til biskopen av Bangor frå 1200-talet er den korte veggen til venstre.
Kjappe fakta Land, Område ...

Great Orme er eit naturreservat og har status som Special Area of Conservation (særskild bevaringsområde), Heritage Coast, Country Park og Site of Special Scientific Interest (stad av særleg vitskapleg interesse). Her beiter fleire hundre skruegeiter som stammar frå eit par dronning Victoria fekk i gåve frå sjahen av Persia kort tid etter kroninga si i 1837.[3]

I klippene finst store sjøfuglkoloniar (som lomvi, krykkje, alke og havhest og noko måse. Andre fuglar som er å sjå ved Great Orme er mellom anna ravn, kyrkjeugle og vandrefalk.

Her låg ei av dei viktigaste kopargruvene i bronsealderen. Gruvedrifta stogga på 1800-talet, og i dag er det museum på staden.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads