Aina Thiis Leirdal

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Aina Carina Thiis Leirdal (6. november 192425. november 2018[1]) var ein norsk keramikar, kjend innan trønderkeramikk-tradisjonen, som ho «moderniserte og gav et samtidig preg,»[2] og for den politiske bodskapen sin. Fram til 1970 arbeidde ho mest som pottemakar, seinare var ho påverka av nye, skulpturale haldningar i keramikken.

Kjappe fakta
Remove ads

Biografi

Aina Thiis flytta med familien til Trondheim i 1930, då arkitektfaren Helge Thiis (1897–1972) skulle ta fatt på restaureringsarbeid ved Nidarosdomen. Mora Greta Thiis (1896–1982), som opphavleg var svensk,[3] var målar og engasjerte seg i kunstlivet i byen. Systera Tone Thiis Schjetne (1928–2015) var også med. Systera Ragna Thiis, som kom til verda i 1940, blei biletkunstnar og seinare gift med Arne Gunnarsjaa (fødd 1939), som fortsette virket til faren som domkyrkjearkitekt.

Aina gjekk på Ila skole, Åsveien skole og Trondheim katedralskole.[4] Frå 9. april 1940 til hausten 1942 førte ho dagbok, fram til ho ikkje våga å skrive meir og gøymde dagboka i bjelkelaget på kontoret til far sin.[3] Dagboka blei gjeven ut i 1991.[3][5] Helge Thiis var aktiv i motstandsrørsla, og måtte rømme til Sverige i 1942. Litt seinare drog Greta Thiis og døtrene etter og blei gjenforeinte med han i Sverige; familien busette seg i Uppsala.[3] Der gjekk døtrene Aina og Tone på Det norske gymnasium i Uppsala.[3]

Aina studerte ved Konstfackskolan frå 1943 til 1947. I 1946 møtte ho bilethoggaren Kristofer Leirdal i 50-årslaget til mora.[6] Han hadde sidan 1941 hogge stein ved restaureringsarbeida ved Nidarosdomen, og etter at dei hadde gifta seg, laga Kristoffer Leirdal verkstad til seg sjølv og Aina på Nidarø. Etter eit halvt års bryllups-studiereise til Frankrike og Italia i 1947,[6] der dei også skreiv reisebrev til Adresseavisen,[4] kunne Aina i 1949 debutere ved Trondheim Brukskunstforening og få dei fyrste sala sine til Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum; samstundes som systera Tone Thiis Schjetne byrja å modellere ved restaureringsarbeida ved Nidarosdomen.

Aina fekk tidleg fleire utsmykkingsoppdrag, blant anna ved Ila skole og Strinda vidaregående skole. Saman med ektemannen laga ho veggutsmykking til Larvik krematorium (1955), og eit relieff i keramikk og metall til kafeteriaen på hurtigruteskipet MS «Ragnvald Jarl».[7]

På 1960-talet såg Aina ei ung kvinne i Bymarka som sa ja til å stå modell for verket hennar An-Magritt og Hovistuten (Ilen kyrkje, 1967). Etter eige seiande hadde ho på 1960-talet sin «grønne periode med nøytrale og homogene glasurer i koppar, krukker, skåler og kanner», som gjekk over i ein politisk periode på tidleg 1970-tal.[8] I 1979 byrja ho, med hjelp frå familien, kjede-telegrama som blei sende til statsminister Odvar Nordli for å protestere mot Altautbygginga.[9] Om dette uttala ho: «Samenes sultestrek i Oslo har vakt sterke følelser». Rundt 1980 starta ho «Kvinner for Fred» saman med pianolæraren Sigrid Stang Aas. I 2003 omtala Trond Giske dei to, i tillegg til Fien Aanjesen, som sine «åndelige mødre».[10] Dei heldt opprop mot atomvåpen og bad det norske presteskapet gå i samla flokk, medan 14 år gamle Trond Giske blei med i styret for Nei til atomvåpen i 1982.

I 1972 døydde faren hennar etter eit livslangt virke for Nidarosdomen. Systera hans, Ragna Stang – som var Gustav Vigeland-kjennar og styrar for kunstsamlingane til Oslo kommune 1966–1971 – døydde i 1978. Mora Greta Thiis døydde i 1982, året før systera Tone Thiis Schjetne ferdigstilte det kjente verket sitt Torgkona og Aina fekk si fyrste separatutstilling på Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum. Fem år etter stilte ho ut 70 tekanner same stad, saman med nokre akvarellar ho hadde byrja med.

I 1997 fekk Aina ein alvorleg handskade, og på grunn av dette selde ho omnen ho hadde brukt i keramikkproduksjonen i atelieret og heimen sin på Øya, og gjekk over til måling og teikning.[8] I 2001 donerte ho i likskap med mange andre trønderkunstnarar arbeid til ei utlodding som samla inn 250 000 kroner til «TrønderBarneByen» i Bacău i Romania. Same år heldt ho og mannen si fyrste utstilling saman, i laboratoriet til Nils AasInderøya. Ekteparet var også med på «Aksjon Guernica», der trønderkunstnarane protesterte i Picasso so ånd frå 1937.

I høve 80-årsdagen sin hadde Aina Thiis Leirdal ei utstilling i japansk ånd; der var bordkeramikk på låge 60-talsbord, noko ho meinte kunne kome av at bestefaren Jens Thiis (1870–1942) var museumsdirektør og hadde bygd opp japanske samlingar.[8]

Ektemannen Kristofer Leirdal døydde i 2010. Dei hadde ei dotter og tre søner; sønene Erlend Leirdal og Yngve Zakarias blei båe biletkunstnarar.[11]

Remove ads

Prisar og utmerkingar

  • Backhes Legat
  • Trondheim Bys stipend
  • Stipend frå Sør-Trøndelag fylke
  • Svensk-norsk stipend
  • Statens garantiinntekt for kunstnarar

Bibliografi

  • Ainas dagbok. Strindheim Trykkeris forlag. 1990.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads