Gro Hagemann
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gro Hagemann (fødd 3. september 1945 i Oslo) er ein norsk professor i historie ved Universitetet i Oslo som særleg har forska på kvinnehistorie.
Liv og virke
Hagemann vaks opp på Frogner i Oslo. Ho studerte fyrst sosiologi og fekk avgjerande inspirasjon frå dei historiske arbeida til Max Weber. Ho tok hovudfag i 1973 om politisk strid om arbeidsforhold for kvinner på tidleg 1900-talet.[1] Etter hovudfag blei ho i 1974 tilsett som vitskapeleg assistent for Sofie Rogstad ved Privatarkivkommisjonen (no Riksarkivet) i samband med eit prosjekt for registrering av kvinnehistoriske arkiv, som blir rekna som starten på kvinnehistorie som forskingsfelt i Noreg.[2][3] Ho tok doktorgraden i 1989. Ho var forskar ved Institutt for samfunnsforskning frå 1992 til 1996 og hadde samstundes ei bistilling som professor ved Senter for kvinneforsking. I 1996 blei ho tilsett som professor i historie ved UiO.
Hagemann har bakgrunn frå ml-rørsla, og var aktiv i Kvinnefronten på 1970-talet. Saman med Kitty Strand var ho sentral i utforminga av kvinnepolitikken i AKP(m-l).[4] Ho forlét partiet i 1984, saman med ei gruppe som kritiserte AKP(m-l) for å ha brote «med sentrale kommunistiske prinsipper».[5]
Hagemann mottok Gina Krog-prisen i 2009.
Remove ads
Bibliografi
- Lavtlønnsyrker blir til: kvinnearbeid og kjønnsskiller i søm og telekommunikasjon 1870–1940, doktorgradsavhandling (1989)
- Skolefolk: lærernes historie i Norge (1992)
- Kjønn og industrialisering (1994)
- Det moderne gjennombrudd 1870–1905, bind 9 i Aschehougs Norgeshistorie (1997)
- Feminisme og historieskriving – inntrykk fra en reise, Universitetsforlaget (2003)
- Twentieth-century housewives meanings and implications of unpaid work, (med Hege Roll-Hansen), Unipub forlag (2005)
- Med kjønnsperspektiv på norsk historie fra vikingtid til 2000-årsskiftet (Med Kari Melby ; Hilde Sandvik m.fl.) Cappelen (2005)
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads