Hilde Sandvik

norsk journalist From Wikipedia, the free encyclopedia

Hilde Sandvik

Hilde Sandvik (fødd 30. april 1970) er ein norsk journalist og tidlegare kultur- og debattredaktør i Bergens Tidende. Sandvik er fødd i Erfjord i Suldal kommune og utdanna cand.philol. frå Universitetet i Bergen.[1]

Kjappe fakta
Hilde Sandvik
Thumb
StatsborgarskapNoreg
Fødd30. april 1970 (55 år)
Erfjord 
Yrkejournalist, podkastvert, redaktør
PrisarKulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar
Hilde Sandvik på Commons
Lukk


Journalist og redaktør

Sandvik var i perioden 2003-06 redaktør i tidsskriftet Syn og Segn saman med Marit Eikemo.[2]

Ho var sommaren 2005 debattredaktør i Dagbladet. Ho har òg vore spaltist i Klassekampen og dessutan skribent i fleire andre publikasjonar. I perioden frå 2006 til 2016 var ho i Bergens Tidende, først som journalist, så som debattredaktør, og i 2010–16 var ho kultur- og debattredaktør.[3]

I 2012 fekk Sandvik Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar, saman med Katrine Sele.[4]

I 2016 lanserte Sandvik Broenxyz, eit nordisk mediehus, med seg sjølv som redaktør.[5]

I 2020 lanserte NRK P2 i lag med SR og DR radioprogrammet «Norsken, svensken og dansken», eit skandinavisk samarbeid med Hilde Sandvik som programleiar.[6]

Styreverv

Hilde Sandvik er medlem av Utvida Råd i Studentersamfunnet i Bergen. Utvida Råd består av ressurspersonar frå akademia, mediebransjen og kulturlivet i Bergen, og er eit kompetanseorgan for Studentersamfunnet.[7] Ho har tidlegare vore styremedlem i samtidsmusikkfestivalen Borealis og nestleiar i Norsk Tidsskriftsforening.[3]

Sandvik har sidan 2016 vore styremedlem i Amedia, og er i 2020 nestleiar i styret.[8]

Forfattar

Våren 2007 kom Sandvik ut med boka Hersketeknikk, skriven i lag med Jon Risdal. I Diverse teikningar, òg frå 2007, stod Marvin Halleraker i Bergens Tidende for teikningane og Hilde Sandvik for teksta. Hausten 2008 kom boka Traktorland saman med Knut Egil Wang.

Bibliografi

  • Hersketeknikk, saman med Jon Risdal, Spartacus (2007)
  • Diverse teikningar, saman med Marvin Halleraker, Bergens Tidende (2007)
  • Traktorland, saman med Knut Egil Wang, Cappelen Damm (2008)

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.