Grogram

From Wikipedia, the free encyclopedia

Grogram
Remove ads

Grogram er eit engelsk omgrep for eit grovt stoff av blanda materiale,[1] som silke, mohair[2] og ull. Ein kunne gjera stoffet stivare med silkelim.[3] Grogram var mykje brukt til klede som jakkar fram til slutten av 1800-talet.[4] Den britiske admiralen Edward Vernon er kjend for å ha brukt ein frakk av grogram, og hadde derfor tilnamnet «Old Grog».

Thumb
Person skildra som «ornamented with a large white wig, composed of goats hair, a huge cocked hat, a coat of brown grogram with large cuffs» i soga «The Spectre Ship» gjeve ut i 1845.

Ordet «grogram» er avleidd av fransk gros grain, 'grov struktur'.[1] Namnet på stofftypen grosgrain har ei liknande avleiing, men dette viser i dag som regel til sterke vovne band.[2][5]

Remove ads

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads