Grosgrain

From Wikipedia, the free encyclopedia

Grosgrain
Remove ads

Grosgrain er eit tjukt, sterkt stoff med ein ribba overflate.[1][2] Det er ein tett vevnad i lerretsbinding med ribber danna på tvers av stoffet av di innslaget er tyngre enn renninga.[3][4] Ordet «grosgrain» kjem frå fransk gros grain, 'grov struktur'.[5]

Thumb
Nærbilde av eit stykke grosgrain-band. Ribbene på tvers av lengda til bandet er det som kjenneteikner stoffet.
Thumb
Grosgrain-band i ulike fargar og breidder.

Grosgrain blir typisk laga med renning av silke eller kunststoff som rayon.[6] Til innslag kan ein bruka same type stoff eller eit anna, som bomull. Ein kan også laga heile stoffet i bomull.[7]

Stoffet blir ofte laga i smale band, men kan også vera breiare. Det blir mykje brukt som hatteband, men kan også brukast til slips, kanting og dekorasjon.[7]

Remove ads

Galleri

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads