Gspaltenhorn

From Wikipedia, the free encyclopedia

Gspaltenhorn
Remove ads

Gspaltenhorn (3 436 m) er eit fjell i Bern-Alpane i Sveits.

Kjappe fakta Land, Fjellkjede ...

Fjellet er ein del av Blüemlisalp-massivet, og ligg lengst i nordaust av toppane i dette massivet. Mot sør stuper fjellet i ein bratt bergvegg ned mot Tschingelfirn.

Sørvestegga av Gspaltenhorn har mange kløfter, og har openbert vore med å gje fjellet det namnet det har.

Fyrste bestiginga av fjellet fann stad 10. juli 1869. Briten G. E. Forster og fjellførarane Jakob Anderegg og Hans Baumann stod for denne.

Normalruta til topps går langs nordvestegga, kalla for Leiterngrat. Startstad er Gspaltenhornhütte på 2458 moh, derifrå går turen til Bütlassesattel (3020 m). Frå denne salen når ein nordvestegga, og vidare følgjer ein denne med lett klatring til fjelltoppen.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads