Gujarati

indoarisk språk From Wikipedia, the free encyclopedia

Gujarati
Remove ads

Gujarati er eit språk som stammar frå staten Gujarat vest i India. Det er eit indoeuropeisk språk i den indoariske familien og er med sine 46 millionar talarar det 22. mest tala språket i verda. Gujarati var morsmålet til mellom anna Mahatma Gandhi, «far til India», og Mohammed Ali Jinnah, «far til Pakistan».

Thumb
Tavle med trykt og handskriven gujaratiskrift, og engelsk.
Kjappe fakta

Den gujaratiske skrifttradisjonen går tilbake til 1100-talet. Gujarati blir ikkje skrive med devanagariskrift, men med ei eiga skrift, som er avleidd frå dette. Gujarati blir skrive utan den øvre tverrbjelken som vi finn i devanagari, slik at devanagari-bokstaven for g, ग, blir skriven som ગ utan tverrbjelke i gujarati.

Språket har tre kjønn, til forskjell frå hindi, som berre har to. Det har også tre kasus for substantiv.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Wikipediagujarati

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads