Gujranwala
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gujranwala (urduskrift گوجرانوالا) er ein pakistansk industriby som ligg i Gujranwala distrikt i Panjab. Han er den sjuande folkerikaste av storbyområda i Pakistan,[1] og er ein av dei raskaste veksande byane i landet.[2] Gujranwala ligg 226 meter over havet.[3] Han grensar mot Ghakhar Mandi, Alipur Chatha, Kamonke og fleire mindre byar og landsbyar.
Remove ads
Historie
Namnet «Gujranwala» viser til at byen blei bygd av gurjarar.[4] Namnet blir også knytt til riket Gurjara-Pratihara.[5] Ifølgje Imperial Gazetteer of India blei byen omdøypt Khanpur av sansi-jattar frå Amritsar som slo seg ned, men det eldre namnet overlevde.[4]
Gujranwala blei viktig under framveksten av Sikh-riket på 1700-talet. Han var fødestaden til grunnleggjaren av riket, Ranjit Singh, og hovudstad for føregjengarane hans, faren Maha Singh og farfaren Tsjarat Singh.[4] Sikh-leiaren Hari Singh Nalwa reiste mykje av den «nye» byen.[6]
Området kom under britisk styre i 1848. I 1881 blei det bygd ei jernbanelinje langs hovudvegen Grand Trunk Road som band saman Gujranwala med andre byar i Panjab og letta handel.[4]
Remove ads
Klima
Gujranwala har steppeklima (BSh etter Köppen si klimaklassifisering).[7] Om sommaren (juni til september) kan temperaturen koma opptil 36 °C. Dei kaldaste månadane er som regel november til februar, då gjennomsnittet klan ligga på 7 °C. Månadane med høgast nedbør er som regel juli og august, når monsunen kjem til Panjab. I dei andre månadane er gjennomsnittleg nedbør rundt 25 mm. Dei tørraste månadane er som regel november til april, med lite nedbør.[8]
Remove ads
Kulturarv i Gujranwala
- Baraari i Sherawala-hagen
- Jernbanestasjonen i Gujranwala
- Mariakyrkja (St. Mary's Catholic Church) i Buttranwali
- Universitetet i Panjab, Gujranwala
- Krigsminnesmerket Nishan-E-Manzil
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads