Gullbuskslekta

planteslekt From Wikipedia, the free encyclopedia

Gullbuskslekta
Remove ads

Gullbuskslekta (Forsythia) er ei slekt i oljetrefamilien.

Kjappe fakta

Artane i slekta er lauvfellande buskar. Blada er motsette og som regel enkle. Dei har gule blomar som kjem tidleg om våren før lauvet sprett. Krona har fire flikar som ligg over kvarandre og som er lengre enn kronrøyret. Frukta er ein kapsel med mange frø. Dei fleste artane kjem frå Aust-Asia, men det finst også ein europeisk art frå Balkan. Flora of China seier at det er 11 artar i slekta, medan Kew World Check List oppgjev 13 artar.[1][2][3][4]

Thumb
Blomstrande gullbusk.

Gullbuskar er populære som hageplantar. Dette gjeld særleg praktgullbusk (Forsythia × intermedia), som er ei kryssing av Forsythia suspensa og F. viridissima. Andre artar som ofte blir dyrka er den hardføre marsgullbusken (F. ovata) og hengegullbusk (F. suspensa).[5][6]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads