Gullringtanagar

art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Gullringtanagar
Remove ads

Gullringtanagar (Bangsia aureocincta) er ein sterkt truga fugleart i tanagarfamilien med eit særs innskenka leveområde på vestsida av Andesfjella, i grenseområdet mellom departementa Chocó, Risaralda og Valle del Cauca, samt i vestlege Antioquia-departementet i Colombia.[1]

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Gullringtanagaren er ein fargerik fugl i mørk grønt og blått med teikningar i kontrastrikt svart og gult på hovud og hals. Kroppslengda er ca. 16 centimeter. Fjørdrakta er i gjennomgåande grønt, vengefjørene er blåe. Hannar har svart hovud, strupe og nakke, med eit gult ringforma felt: augebryn som kurvar seg bak øyret og eit anna gult felt mellom undernebb og undersida av auge og øyre. Han har òg eit gult felt på brystet. Hofuglar liknar, men dei mørke områda på nakke og sidene av brystet er meir grøne der hannar er svarte.

Songen består av skarpe, høgfrekvente og gjennomtrengande plystrelydar eller tynne, triller, i seriar på 3-6 tonar.

Gullringtanagarar lever på høgdedrag i tåkeskog, frå 1600 til 2200 moh.[1] Arten er ein fruktetar, men supplerer med noko insekt ved høve.

Populasjonen er estimert til å ligge mellom 1000 og 2500 individ totalt og er minkande.[2]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads