Gunvor

kvinnenamn From Wikipedia, the free encyclopedia

Gunvor
Remove ads

Gunnvor og Gunvor er skandinaviske kvinnenamn avleidd frå norrøne Gunnvǫr, som er sett saman av namnedelane gunnr, 'strid' og kanskje várr, 'var, forsiktig'. Gunvor har namnedag i Sverige den 3. mars og i Noreg den 3. april.

Thumb
Gunvor G. Ericson, svensk riksdagspolitikar.
Foto: Miljöpartiet de Gröna
Thumb
Gunvor Eldegard, norsk stortingspolitikar.
Foto: Jarle Vines

Bruk

Namnet finst som Gunvarrunesteinar, og blei igjen teke i bruk i Skandinavia på 1800-talet.

Gunvor var eit mykje brukt namn for norske jentebarn på 1910- og 1920-talet, då det blei brukt for rundt 1,2 % av jentebarn. I 2009 var det 5 596 kvinner som heitte Gunvor og 702 som heitte Gunnvor i Noreg.

Namneberarar

  • Gunvor Mjelva (1902-1988), norsk pianist og operasongar
  • Gunvor Winberg (1907–1979), svensk skodespelar
  • Gunvor Hall (1908–1961), norsk skodespelar
  • Gunnvor Advocaat (1912–1997), norsk bildekunstnar
  • Gunvor Galtung Haavik (1912–1977), norsk ambassademedarbeidar i Moskva, arrestert for spionasje
  • Gunvor Svensson Lundkvist (f. 1916), svensk kunstnar
  • Gunvor Hofmo (1921–1995), norsk diktar
  • Gunvor Stornes (f. 1924), norsk lyrikar
  • Gunvor Pontén (f. 1929), svensk skodespelar
  • Gunvor Margaret Schnitler (f. 1930), norsk politikar (H)
  • Gunvor Gjessing (f. 1932), norsk journalist
  • Gunvor Risa (f. 1943), fyrsteamanuensis i norsk
  • Gunvor Hals (f. 1953), programvert i NRK Fjernsynet
  • Gunvor G. Ericson (f. 1960), svensk riksdagsrepresentant for Miljöpartiet de Gröna
  • Gunvor Eldegard (f. 1963), norsk stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet
  • Gunvor Ulstein (f. 1969), norsk konsernsjef
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads