Gunvor Ulstein
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gunvor Ulstein (fødd 11. juni 1969) er ein norsk industrileiar, konsernsjef i Ulstein Group, styreleiar i Ulsmo AS og ei rekke selskap i Ulstein Group, og nestleiar i styret i Ulstein Group. Ho er styremedlem i Hareid Fastlandsamband A/S (Hafast), medlem av SOS Barnebyers Råd og Advisory Board AKP-IMD.
Gunvor Ulstein er dotter av Idar Ulstein (1934-2012). Ho er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole, og har 1. avdeling jus frå Universitetet i Bergen.
Remove ads
Karriere
I 1993-1994 var ho trainee ved Columbia Shipmanagement på Kypros, arbeidde som marknadsanalytikar 1994-1997, og ved motorfabrikken Ulstein Bergen var ho deretter salssjef (1997-1999). Ho vart tilsett som administrerande direktør for Ulstein Verft i mars 1999, etter at Brynjulv Mugaas gjekk til Fred. Olsen. Broren Tore Ulstein var då teknisk direktør same stad, og dei var begge medeigarar. I 2003 vart ho konsernsjef, ,ei stilling ho hadde fram til 2020. Ho kom tilbake som konsernsjef hausten 2023. Gunvor Ulstein er øvste leiar i dotterselskapet Ulstein Shipping. I tillegg er ho eineeigar og leiar av selskapet Mogul Invest som er medeigar i Ulsmo AS[1], som igjen er største eigar av Ulstein Group.
Av tidlegare verv har ho mellom anna vore nestleiar i styret for NRK 2013-2017,[2] styreleiar i Hafast 2010-2020, medlem i NHH sitt Advisory Board og Nor-Shipping Advisory Board, nestleiar i Rådet i Det Norske Veritas (DNV), medlem av nærings- og handelsministeren sitt Råd for Maritim Utvikling (MARUT), medlem i representantskapet for Norges Bank, styremedlem i Eksportfinans (2003–2007), medlem av hovudstyret i Teknologibedriftenes Landsforening (nå Norsk Industri), nestleiar i styret til NHO Møre og Romsdal, medlem i strategigruppe for Maritim21, i styringsgruppa til GCE Blue Maritime Cluster, i og i Arbeidsinnvandrerutvalget oppnemnd av Solberg-regjeringa.
Remove ads
Prisar og utmerkingar
Gunvor Ulstein har motteke fleire utmerkingar. I 2006 vart ho utnemnd til Årets Forretningskvinne[3] av sjampanjehuset Veuve Clicquot, og i 2008 fekk ho WISTA-prisen[4] som Årets Shippingnamn. I 2011 fekk ho prisen Seatrade Young Person in Shipping.[5] I 2013 mottok ho Tekna sin gullmedalje[6] for «framståande innsats i å skapa nye moglegheiter for norsk teknologi.»
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads