Gustav Wentzel
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nils Gustav Wentzel (fødd 7. oktober 1859 i Christiania, død 10. februar 1927) var ein norsk målar.
Remove ads
Liv
Faren var salmakarmeister. Gustav gjekk som ung i lære som murar, og hadde planer om å utdanne seg som arkitekt. Han var 1879-81 elev både hjå Knut Bergslien og på Tegneskolen. Han studerte vidare hos Frits Thaulow i 1883, og i Paris i 1884 og 1888-89.

Wentzel budde i Asker 1892-1901 og 1904-13, i Vågå 1902-04 og 1913-20 og i Lom frå 1920 til han døydde. Han gifta seg i Paris i 1889 med bilethoggar og journalist Christiane Marie Bætzmann (Kitty Wentzel, 1868-1961). Ekteskapet vart oppløyst i 1910, men ho skreiv likevel ein biografi om han seinare.
Remove ads
Virke
Wentzels beste bilete er måla med stor detaljrikdom og presisjon i detaljane, i samsvar med dei naturalistiske ideane på 1880-talet. Eit godt døme er Snekkersvennen (1881). Biletet, som vart refusert av Christiania Kunstforening, vart den direkte årsaka til skipinga av den kunstnarstyrte Haustutstillinga. Snekkersvennen heng i Nasjonalgalleriet, til liks med Frokost (1882) og Frokost 2/Morgenstemning (1885).
Frå 1890-åra av arbeidde han med friare fargebruk og nyromantiske drag. Etter hundreårsskiftet måla han mellom anna dekorative vintermotiv.
Remove ads
Måleri
- Frokost 2, eller Morgenstemning, 1885
- Sjakk, Oscar Lærum og Harald Bertrand, 1886
- Vinterlandskap
Litteratur
- Sigurd Willoch. «Gustav Wentzel». I: Kunst og kultur 1927
- Kitty Wentzel. «Gustav Wentzel». I: Kunst og kultur 1942
- Kitty Wentzel. Gustav Wentzel. Gyldendal, 1956
- Gustav Wentzel 1859-1927 : Bjarne Tøien 1899-1963. Aurskog, 1999. Utstillingskatalog. Av innhaldet: Ingebjørg Ydstie. «Den vare iakttageren», s. 11-19
Bakgrunnsstoff
- lomweb.com Arkivert 2008-11-21 ved Wayback Machine. kort om Wentzels tilknyting til Lom
- Tidsskrift for den norske lægeforening Øivind Larsen; studie av Frokost 2
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads