Guttorm Hansen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Guttorm Hansen
Remove ads

Guttorm Hansen (3. november 19202. april 2009) var ein norsk journalist, politikar og forfattar, fødd og død i Namsos. Han representerte ArbeidarpartietStortinget frå 1961-85, tingperiodane 1973-77 og 1977-81 var han stortingspresident.

Kjappe fakta Fødd, Død ...

Hansen var son til ein mekanikar og arbeidde sjølv som mekanikar frå 1936 til 1945. I 1945 byrja han å arbeide som journalist og redaksjonssekretær i Menneskevennen, medlemsbladet til Det Norske Totalavholdsselskap. Etter tre år i Menneskevennen var han i perioden 1948-51 redaktør i Firdaposten. Deretter var han i ti år journalist i Namdal Arbeiderblad på heimstaden Namsos, til dess han vart vald inn på Stortinget hausten 1961.

Hansen møtte som vararepresentant frå valkrinsen Nord-Trøndelag også i perioden 1958-61. Men frå 1961 hadde han fast plass på Tinget i 24 år. Under den fyrste Bratteli-regjeringa, 1971-72, var han parlamentarisk leier for Arbeiderpartiet si stortingsgruppe. Då det nye Stortinget konstituerte seg i oktober 1973 vart han vald til stortingspresident, eit ombod han vart attvald til i 1977.

Hansen var i alle år ein friluftsmann, og var i 1963 sentral i arbeidet med å verne Børgefjell nasjonalpark. Seinare skreiv han bok om Børgefjell, og fleire bøker om mellom anna politikk og lokalhistorie.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads