Gutzon Borglum

From Wikipedia, the free encyclopedia

Gutzon Borglum
Remove ads

Gutzon Borglum (25. mars 18676. mars 1941) var ein amerikansk målar og bilethoggar som mellom anna er kjend for dei gigantiske presidenthovuda han skapte i Mount Rushmore i Sør-Dakota.

Kjappe fakta

Borglum var fødd i St. Charles i Idaho Territory. Stamfaren var kannik i Børglum kloster ved Hjørring i Danmark.[1] Far hans, Jens Borglum, var snikkar og hadde utvandra til USA.[2] Han blei mormonar og flytta til Idaho-området, der han blei polygamt gift med to danske systrer: Den første kone hans Ida Mikkelsen og Christina Mikkelsen.[3] Då Jens Borglum bestemte seg for å flytta til ein annan delstat der polygami var forbode, valde han å skilja seg frå Christina, som han hadde sønene Gutzon og Solon med.[4] Solon Borglum (1868–1922) var òg ein kjend bilethoggar.

Remove ads

Liv og gjerning

Gutzon Borglum var fødd i 1867 i den avsidesliggjande staden St. Charles i Idaho, der mormonarar hadde oppretta ein koloni i 1864. I 1877, då han var ti, skilde far hans seg frå mora Christina og forlét mormonismen. Jens Børglum flytta deretter med si første kone Ida og alle borna frå begge konene til Saint Louis i Missouri.[5] I Saint Louis tok han lækjarutdanning ved Missouri Medical College.[6] I 1874 flytta familien til Nebraska, der Jens Borglum blei county doctor, eller distriktslækjar, og oppretta praksis i Fremont.[7] Gutzon budde i Fremont fram til 1882, då faren sende han til St. Mary's College i Kansas. Etter eit kort opphald i Kansas vende Gutzon tilbake til Nebraska, der han gjekk i lære i ein maskinverkstad[8] og var elev ved Creighton Preparatory School.

I 1885 var Borglum elev av kunstnaren William Keith. Her møtte han medeleven Elizabeth Janes Putnam, som seinare blei læraren hans.[9][10][11] Dei to gifta seg i Los Angeles i 1889.[12] Paret reiste vidt rundt og hadde utstillingar i Europa.

Borglum studerte ved Académie Julian i Paris, der han blei kjend med Auguste Rodin og blei påverka av den impresjonistiske stilen hans med lys-fangande overflater. I 1891 og 1892 vart verka hans stilte ut ved Parissalongen. Ekteparet blei separert i 1903 og skilde seg i 1908.

I 1909 gifta Borglum seg med Mary Montgomery Williams, som han fekk tre barn med.[3] Sonen Lincoln blei også kunstnar.

Remove ads

Verk

Thumb
Mount Rushmore

Etter at han vende tilbake til USA laga Borglum skulpturar av helgenar og apostlar til den nye Cathedral of Saint John the Divine i New York. I 1901 fekk han ein skulptur kjøpt opp av Metropolitan Museum of Art, den første skulpturen av ein levande amerikanar museet nokonsinne hadde kjøpt. Han utmerka seg også med portrett og vann Logan Medal of the arts.

Hovudverket til Borglum er presidenthovuda ved Mount Rushmore som han arbeidde med frå 1927 til han døydde i 1941. Av andre verk kan nemnast: Ryttarstatue av sørstatsgeneralen Philip Sheridan (1908), Abraham Lincoln i Kongressbygningen i Washington D.C. og Stone Mountain i Georgia (1912–1923). Arbeida med å fullføra Mount Rushmore vart leidd av sonen hans, og på det meste var 400 mann i virke med arbeidet.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads