H.L.A. Hart

From Wikipedia, the free encyclopedia

H.L.A. Hart
Remove ads

Herbert Lionel Adolphus Hart (18. juli 190719. desember 1992) var ein britisk rettsfilosof. Han var professor i rettsvitskap ved University of Oxford og rektor ved Brasenose College, Oxford. Han er mest kjend for verket sitt: The Concept of Law, som har vorte heidra som det viktigaste verket innanfor rettsfilosofi gjeve ut på 1900-talet.[1] Han er rekna som ein av dei fremste rettsfilosofane på 1900-talet.[2]

Remove ads

Liv og virke

Bakgrunn

Herbert Lionel Adolphus Hart vart fødd den 18. juli 1907,[3] son av Rose Samson Hart og Simeon Hart, i Harrogate,[4] som foreldra hans hadde flytta til frå East End i London. Faren hans var ein jødisk skreddar av tysk og polsk opphav; mora hans, av polsk opphav, dotter av vellykka forhandlarar i kledehandelen, handterte kunderelasjonar og økonomien til firmaet deira. Hart hadde ein eldre bror, Albert, og ei yngre syster, Sybil.

Hart var utdanna ved Cheltenham College, Bradford Grammar School og New College, Oxford. Han tok Literae humaniores i 1929.[5]

Hart vart skrankeadvokat og praktiserte med suksess ved Chancery Bar frå 1932 til 1940. Han var god venn med blant anna Richard Wilberforce, Douglas Jay og Christopher Cox. Han tok i mot eit Harmsworth-stipend til Middle Temple og skreiv au litterær journalistikk for tidsskriftet John O'London's Weekly.[5]

Den andre verdskrigen

Under den andre verdskrigen yrkte Hart ved MI5, deriblant med Oxford-filosofane Gilbert Ryle and Stuart Hampshire. Han yrkte tett med Dick White, seinare leiar for MI5 og dinest MI6. Hart yrkte ved Bletchley Park og var kollega av matematikaren Alan Turing.[6]

Etter den andre verdskrigen vende ikkje Hart tilbake til sin juridiske praksis. Han valde i standen for å akseptera tilbodet om eit undervisingsstipend i filosofi ved New College, Oxford. Hart siterer J. L. Austin som ein med særskild stor innverknad på han i laupet av denne tida.[5] Dei to underviste eit seminar om 'Juridisk og moralsk ansvar' (Legal and Moral Responsibility) i fellesskap frå og med 1948.

Remove ads

Akademisk karriere

Mellom 1952 og 1968 var Hart Professor of Jurisprudence ved Oxford,[7] og fellow ved University College, Oxford, frå 1952 til 1973.[8] Han var president for the Aristotelian Society frå 1959 til 1960. I 1962 heldt han the Master-Mind Lecture.[9]

Hart var gift med Jennifer Fischer Williams, ei embetskvinne og seinare historikar ved St. Anne's College.[10] Jennifer var ein 'sovande' medlem av det britiske kommunistpartiet. Kritikk og skepsis var retta mot henne om ho hadde vore ein spion for Sovjetsamveldet, noko ho nekta for å ha vore.[11]

Eit av barneborna til Hart, Mojo Mathers, vart den fyrste døve medlemen av det newzealandske parlamentet i 2011.[12]

Hart gav seg som Chair of Jurisprudence i 1969 og vart etterfulgt av Ronald Dworkin. Mellom 1973 og 1978 var Hart rektor ved Brasenose College, Oxford.[13]

Hart døydde i Oxford den 19. desember 1992, i ein alder av 85.[3] Han er gravlagd ved Wolvercote Cemetery, der også Isaiah Berlin blant anna er gravlagd.

Thumb
Gravsteinen til H. L. A. Hart ved Wolvercote Cemetery i Oxford.
Remove ads

Studentane til Hart

Mange av dei tidlegare studentane til Hart har hatt stor innverknad på retts-, moral, og politisk filosofi, blant anna Brian Barry, Ronald Dworkin, John Finnis, Kent Greenawalt, Peter Hacker, Neil MacCormick, Joseph Raz, Chin Liew Ten og William Twining. Hart hadde au ein sterk påverknad på John Rawls i 1950-åra, særleg etter at Rawls var gjesteførelesar ved Oxford kort tid etter at han fullførte doktorgraden sin.

Filosofisk metode

Hart påverka sterkt bruken av metodar i versjonen sin av anglo-amerikansk positiv rett til rettsvitskapen og rettsfilosofien i den engelsktalande verda. Hart bringa reiskapane til analytisk, og særleg språkleg, filosofi til å taka tak i dei sentrale utfordringane i juridisk teori, med inspirasjon henta frå John Austin, Ludwig Wittgenstein og Hans Kelsen.

Metoden til Hart kombinerte den nøye analysen av analytisk filosofi frå det tjuande hundreåret med den rettsvitskapelege tradisjonen til Jeremy Bentham, den store engelske juridiske, politiske og moralske filosofen. Rettsoppfatninga til Hart hadde parallellar til Pure Theory of Law formulert av den austerrikske rettsfilosofen Hans Kelsen, sjølv om Hart avviste fleire særtrekk ved denne teorien.

Den tydelege skilnaden mellom Hart og Kelsen var vektlegginga av den britiske versjonen av positiv lovteori som Hart forsvara i motsetnad til den kontinentale versjonen av positiv lovteori som Kelsen forsvara. Dette vart studert i University of Toronto Law Journal i ein artikkel med tittelen «Leaving the Hart-Dworkin Debate» som hevda at Hart i boka si The Concept of Law insisterte på at den ekspansive forståinga av positiv lovteori skulle inkludera filosofiske og sosiologiske vurderingsdomene snarare enn den meir fokuserte merksemda til Kelsen som betrakta kontinental positiv lovteori som meir avgrensa til sjølve rettsvitskapens domene.[14]

Hart retta sitt engasjementet, blant mange andre, mot Glanville Williams som hadde demonstrert sin juridiske filosofi i ein femdelt artikkel, «Language and the Law» og i ein artikkel, «International Law and the Controversy Concerning the Word 'Law'». I artikkelen «International Law» kritiserte Hart sterkt alle dei juristane og internasjonale advokatane som hadde drøfta om folkeretten eigenleg var lov. Dei hadde kasta bort tida på eit spørsmål som ikkje var sakleg. Dei mange skilnadane mellom kommunal og internasjonal lov kunne ikkje motseiast, dei var rett og slett ein av konvensjonell verbal bruk, som individuelle teoretikarar kunne tilfredsstilla seg sjølv, men som ikkje hadde rett til å diktera til andre.

Denne tilnærminga skulle verta vidareutvikla av Hart i siste kapittel av The Concept of Law (1961), som viste korleis bruken av eit abstrakt ord som lov i høve til ymse sosiale fenomen reflekterte det faktum at desse fenomena delte somme særeigne trekk. Glanville hadde sjølv sagt det same då han redigerte ein studenttekst om rettsvitskap, og han hadde i hovudsak teke i bruk den same tilnærminga til «The Definition of Crime».[15]

Remove ads

The Concept of Law

Det mest kjente verket til Hart er The Concept of Law, gjeve ut i 1961, og med ei andre utgåve (inkludert eit nytt etterskrift) gjeve ut posthumt i 1994. Boka kom frå eit sett med førelesingar som Hart hadde frå og med 1952. The Concept of Law utvikla ei sofistikert sjon på rettspositivisme og høve mellom lov og moral. Blant dei mange idéane som er utvikla i denne boka er:

  • Ein kritikk av teorien til John Austin om at lov er kommandoen til suverenen med dette trugselen om straff.
  • Eit skilje mellom primære og sekundære rettsreglar, slik at ein primærregel styrer åtferd, til dømes strafferett, og sekundærreglar styrer dei prosessuelle metodane som primære reglar vert handheva, straffeforfylgt osfr. Hart nemner spesifikt tre sekundære reglar:
  • The Rule of Recognition: regelen som viser til at medlemane av samfunnet skal kunne finna ut kva dei primære reglane i samfunnet var. I eit einskilt samfunn, meinte Hart, regelen for anerkjenning berre kunne vera det som var skrive i ei heilag bok eller det som vart sagt av ein herskar. Hart hevda regelen om anerkjenning var ein evolusjon frå Hans Kelsens «Grundnorm».
  • The Rule of Change: regelen om at eksisterande reglar kunne opprettast, endrast eller opphevast.
  • The Rule of Adjudication: regelen om at samfunnet kunne avgjera når ein regel var broten og oppmoda om eit rettsmiddel.
  • Eit skilje mellom indre og ytre retts- og regelsyn, ein idé nær (og påverka av) Max Webers skilje mellom juridiske og sosiologiske perspektiv i skildringa av lov.
  • Eit konsept med «open-textured» omgrep i lov, på linje med Wittgenstein og Waisman.
  • Eit seint svar (publisert som eit etterskrift til den andre utgåva) til Ronald Dworkin – ein rettigheitsorientert rettsfilosof og etterfylgjaren til Hart ved Oxford – som kritiserte versjonen til Hart av rettspositivisme i Taking Rights Seriously (1977), A Matter of Principle (1985) og Law's Empire (1986).
Remove ads

Andre verk

Saman med Tony Honoré publiserte dei Causation in the Law (1959, 2.utg. 1985), som er rekna som ein av dei viktigaste bidraga innanfor den akademiske debatten om årsak i juridisk samanheng.

Etter den kjende debatten med Patrick Devlin, Baron Devlin, om rolla straffelova hadde i å handheva moralske normer, skreiv Hart Law, Liberty and Morality (1963), som besto av tre førelesingar han hadde heldt ved Stanford University. Han skreiv au The Morality of the Criminal Law (1965). Hart forsvara avkriminaliseringa av homofili – då det ikkje skada nokon. Han meinte oppfatninga Devlin hadde om skadeprinsippet til Mill – då det var relatert til avkriminalisering av homofili – var «perverst».[16] Trass dette, uttala Hart seinare at han kom personleg overeins med Devlin.[5]

Hart gav førelesingar til Labour Party om tetting av smutthòl i skattesystemet som vart utnytta av dei «superrike». Hart plasserte seg sjølv til venstre på den politisk økonomiske aksen: «on the Left, the non-communist Left», og uttrykte fiendskap mot Margaret Thatcher.[5]

Remove ads

Verk

  • «The Ascription of Responsibility and Rights», Proceedings of the Aristotelian Society (1949)
  • Definition and Theory in Jurisprudence (1953)
  • Causation in the Law, med Tony Honoré. (1959)
  • The Concept of Law (1961; 2. utg. 1994; 3. utg. 2012)
  • Law, Liberty and Morality (1963)
  • The Morality of the Criminal Law (1964)
  • Punishment and Responsibility (1968)
  • Essays on Bentham: Studies in Jurisprudence and Political Theory (1982)
  • Essays in Jurisprudence and Philosophy (1983)
Remove ads

Festskrift

  • Law, Morality, and Society: Essays in Honour of H. L. A. Hart, redigert av P. M. S. Hacker og Joseph Raz (1977)

Kjelder

Litteratur

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads