Haba Haba

song frå 2011 med Stella Mwangi From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Haba Haba» (swahili for Litt etter litt) var det norske bidraget i Eurovision Song Contest 2011, framført på engelsk og swahili av Stella Mwangi. Songen er teken med på albumet Kinanda.

Meir informasjon Låtskrivar(ar), Stella Mwangi-kronologi ...
Kjappe fakta Eurovision Song Contest 2011, Resultat ...
Remove ads

Melodi Grand Prix 2011

29. januar 2011 vann Stella Mwangi den tredje delfinalen i Melodi Grand Prix 2011 og gjekk vidare til finalen 12. februar. I finalen gjekk ho vidare til gullfinalen og vann med 280 217 røyster. Det er fyrste gongen det har vorte sunge på swahili i Melodi Grand Prix.

Eurovision Song Contest 2011

Songen starta som nummer to i den fyrste semifinalen, etter Polen med «Jestem» av Magdalena Tul og før Albania med «Feel the Passion» av Aurela Gaçe.

Bidraget fekk ti poeng frå Island, åtte poeng frå Finland, fire poeng frå Malta, to poeng frå Sveits og Portugal og eitt poeng frå Polen, Albania, Armenia og Aserbajdsjan. Noreg fekk til saman 30 poeng og enda på 17. plass av totalt 19 bidrag. Om ein berre hadde hatt telefonrøysting hadde bidraget fått 56 poeng og enda på niandeplass. Det hadde vore nok til å få ein finaleplass. Hadde ein berre hatt jury hadde bidraget fått 29 poeng og enda på 17. plass.

Det er det fyrste bidraget i Eurovision Song Contest med tekst på swahili.

Remove ads

Listeplasseringar

Meir informasjon Liste (2011), Plassering ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads