Haida
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Haida er eit nordamerikansk urfolkspråk som blir snakka av mellom 50 og 60 haidafolk på den kanadiske øygruppa Haida Gwaii i Britisk Columbia i Canada, og i sørlege Alaska (på Prince-of-Wales-øya, Hydaburg og Ketchikan). Alle haidatalarane er over 60 år. Det finst omtrent 2000 haidafolk. Namnet kjem frå ordet xayda, som på haida tyder ‘person’ eller ‘menneske’.
Remove ads
Slektskap
Sidan midten av 1800-talet har det vore ein teori om eit slektskap mellom haida, tlingit, eyak og dei atabaskiske språka. Denne gruppa blei av Edward Sapir i 1915 kalla na-dené-språk. Joseph Greenberg tok dei i 1987 med i boka si Language in the Americas. Nyare arbeid ser på desse språka meir som eit sprachbund enn som ein språkfamilie.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads