Halvard Hatlen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Halvard Hatlen
Remove ads

Halvard Hatlen (døypt Halvor) (11. mai 18999. juli 1957), (gravlagt ved Hen kyrkje, Isfjorden) var ein norsk biletkunstnar frå Hatlen i Isfjorden i Romsdal som måla figurative bilete med motiv frå sine nære omgjevnader. Særleg var han opptatt av Romsdals-naturen. Forutan landskap måla han interiør, stilleben, portrett, religiøse komposisjonar og samfunnsskildringar, oftast i oljemåleri og akvarell. Han har òg utført veggutsmykningar. Han dreiv målarskole i Sarpsborg ei tid.

Kjappe fakta

Frå 1919 til 1957 hadde han over 60 separatutstillingar kringom i Noreg. Elles påtok han seg mange bestillingar, særleg portrett og nokre faner.

Remove ads

Utdanning og medlemskap

Hatlen var utdanna ved:

Thumb
"Fjærestova i Julsundvegen, Molde", eit eksempel frå den tidlege periode med ganske mørke fargar. Oljemåleri, 1924, 64x70 cm
Thumb
Hatlen under arbeid med veggdekoren på Romerike Folkehøgskole, Jessheim. Veggmåleriet var over tre etasjar og viste etterkrigstidas optimisme og tro på framtida. Dekorasjonen er seinare øydelagt.
Thumb
Storm Waaler veggdekorasjon like før bygget vart reve. Fotografiet er redigert, men visar den lysare og nye friske bruken av fargar.
Remove ads

Offentlege arbeid

  • 1931 Hen kyrkje, Isfjorden. 2 altartavlemåleri, og 6 presteportrett (olje)
  • 1937 Isfjorden Skytterlokale (Fritun) (i dag: Isfjorden Samfunnshus). Scenedekorasjon (bakteppe) (oljemåleri)
  • 1946 Langevåg bedehus, Sunnmøre. Portrett av misjonær Sina Løken
  • 1948 Kafé Arne, Oslo. Veggdekorasjon
  • 1949 Romerike folkehøgskole, Jessheim. Veggdekorasjon over 3 etasjar (oljetempera)
  • 1950 Remmabrauta skole, Isfjorden. Veggdekorasjon (oljemåleri)
  • 1951 Måndalen bedehus, Romsdal. Måleri
  • 1952 Kafestova, Brønnøysund, Nordland. Utsmykking (oljemåleri)
  • 1954 Storm Waaler, konfeksjonsfabrikk, Isfjorden. Veggdekorasjon over 2 etasjar, (freskokasain)
  • 1955 Øverdalen kapell, Verma, Romsdalen. Altartavle (oljemåleri)
  • - Isfjorden bedehus - Oljemåleri
  • - Norrøna Kafé, Molde - Oljemåleri
Remove ads

Liv og verksemd

Han debuterte 20 år gammal i Ålesunds Kunstforening med naturalistiske landskap. I elevtida hos Hans Hoffmann vart Hatlen grepe av impresjonismen samstundes som han bevarte sitt personlege særpreg. Våren 1925 virka Hatlen i Tromsø, og stilte ut i kunstforeninga. Han besøkte Narvik, Bodø, Trondheim og Kristiansund med utstillingar. Han brukte mange grågrøne og brune tonar i denne tida og følte slektskap med André Derain.

Sommaren 1928 oppheldt Hatlen seg i Halden-traktene, dreiv teiknekurs og heldt fram med målarskole i Sarpsborg utover vinteren. Frå Fredriksten festning, Halden, måla han eit solid komponert og koloristisk godt gjennomført oljemåleri, som seinare blei teke inn på Statens Høstutstilling.

Frå omkring 1928 og utover 1930-åra nytta Hatlen mørke fargar. Hatlens mørkstemde fargar frå 1930-åra blei i 1940-åra avløyst av ein lysare og friskare fargeskala. I landskapa ville han fange inn lys og luft. Gode døme er bilete frå Mørekysten.

Veggdekorasjonar

Med dekorasjonen på Kafé Arne i Oslo (1948) begynte ein periode med større veggutsmykkingar. Arbeidet med dekorasjonsoppgåvene verka utviklande på hans staffelibilete. Han forflytta seg frå den naturalistiske gjengivinga mot større monumentalitet, utrykt ved store, reine fargeflater. Målemåten hans vart friare, og han utfalda fargesansen sin i mange friske bilete. I denne produktive perioden blei han utsett for ei bilulukke våren 1957. Han døydde same sommaren og blei gravlagd frå Hen kyrkje i Isfjorden.

Remove ads

Litteratur

  • Norsk Kunstnerleksikon. Universitetsforlaget, 1983.

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads