Halvbjørnar
familie av hundeliknande rovpattedyr From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Halvbjørnar eller snabelbjørnar, småbjørnar[1] (Procyonidae) er ein biologisk familie av hundeliknande rovpattedyr (Canoidea). Familien består av 14 artar som alle lever i dei tempererte eller tropiske sonene i Amerika.
Remove ads
Kjenneteikn
Halvbjørnar er formmessig ein mellomting mellom mårdyr og ekte bjørnar. Dei er små til mellomstore pattedyr som har ei kroppslengd på 30 til 67 centimeter og ei vekt på 1 til 12 kilogram. Halen er lang hos alle artar og som oftast med farger i ringmønster. Pelsen er brun eller grå, og nokre artar har markante ansiktsteikningar. Ansiktet er relativt kort og breitt, øra er små og oppreiste, dei kan vere spisse eller avrunda. Alle føtene har fem tær, utstyrt med korte, bøygde klør. Ein art, snohalebjørn (Potos flavus), har ein gripehale.
Remove ads
Utbreiing og leveområde
Det naturlege utbreiingsområdet for halvbjørnar strekkjer seg frå sørlege Canada til Nord-Argentina. Vaskebjørnen, som har rømt frå fangenskap, er no også utbreidd i Europa. Halvbjørnar finst i ei rekkje habitat, men dei lever som oftast i skogar.
Utviklingshistorie
Dei eldste halvbjørnane er fossilprova frå oligocen. Den fossile slekta Bavarictis høyrde heime i Europa; derfrå vandra halvbjørnane tidleg til Nord-Amerika via Asia og landbrua over det som i dag er Beringsundet. I «den gamle verda» døydde dei ut, sannsynlegvis på grunn av konkurranse frå snikekattar, som tok over dei same økologiske nisjane.
Artsliste
Artsliste med norske namn etter Verdens dyr:[2]
Treliste
|
Remove ads
Galleri
Underfamilie Procyoninae
- Krabbebjørn, Procyon cancrivorus
- Vaskebjørn, Procyon lotor
- Ringhala nasebjørn (sørleg nasebjørn), Nasua nasua
- Kvitnasebjørn, Nasua narica
- Fjellnasebjørn, Nasuella olivacea
- Nordamerikansk kakomistl, Bassariscus astutus
- Mellomamerikansk kakomistl, Bassariscus sumichrasti
Underfamilie Potosinae
- Snohalebjørn, Potos flavus
- Buskhala olingo, Bassaricyon gabbii
- Allens olingo, Bassaricyon alleni
- Bassaricyon medius
- Bassaricyon neblina
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads