Snikekattfamilien

pattedyrfamilie From Wikipedia, the free encyclopedia

Snikekattfamilien
Remove ads

Snikekattfamilien (Viverridae) er ei gruppe mår- og katteliknande rovpattedyr som hovudsakleg lever i Europa, Afrika og Asia, medrekna Indonesia og Filippinane.

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Snikekattane har spiss og relativt lang snute og ein kortbeint, langstrekt kropp. Vekta varierer frå litt under 1 til over 14 kg, og kroppslengda, målt frå snute til halerot, ligg i området 30-100 cm. Halen er moderat lang og kjem i tillegg. Dei fleste artane har anten striper, flekker eller ringmønster. Dei har levevis som minner om det til dyr i mårfamilien, og er stort sett nattaktive jegerar som jaktar små virveldyr, insekt og virvellause dyr. Nokre snikekattar er reine kjøttetarar, andre et også frukt og røter. Dei fleste artane lever i trea, men nokre få held også til på bakken. Mårbjørn er den einaste arten med gripehale.

Dyra har godt utvikla syn, høyrsle og luktesans. Alle snikekattane utsonder ei særprega moskuslukt frå spesielle kjertlar.

Remove ads

Fylogeni

Anetre

Anetreet følgjer Yoder m. fl. (2003).[1]

Feliformia 

(andre katteliknande dyr)




Viverridae (snikekattar)




Hyaenidae (hyenar)




Herpestidae (mungoar)




Eupleridae (gassiske snikekattar)







Systematikk

  • Viverridae (snikekattfamilien)
    • Cryptoproctinae (fossa)
      • Cryptoprocta (fossa)
        • Cryptoprocta ferox (fossa)
    • Euplerinae (falanouc og gassisk fossa)
      • Eupleres (maursivett)
        • Eupleres goudotii (maursivett)
      • Fossa (gassisk stripesivett)
        • Fossa fossana (gassisk stripesivett, madagaskarsivett)
    • Hemigalinae (sivetter)
      • Chrotogale (Owstons palmesivett)
        • Chrotogale owstoni (Owstons palmesivett)
      • Cynogale (otersivett)
        • Cynogale bennettii (otersivett)
      • Diplogale (Hoses palmesivett)
        • Diplogale hosei (Hoses palmesivett)
      • Hemigalus (stripet palmesivett)
        • Hemigalus derbyanus (stripet palmesivett)
    • Paradoxurinae (mårbjørn og palmemår)
      • Arctictis (mårbjørn)
        • Arctictis binturong (mårbjørn eller bjørnekatt)
      • Arctogalidia (småtanna palmesivett)
        • Arctogalidia trivirgata (småtanna palmesivett)
      • Macrogalidia (sulawesisk palmesivett)
        • Macrogalidia musschenbroekii (sulawesisk palmesivett)
      • Paguma (maskepalmemår)
        • Paguma larvata (maskepalmemår)
      • Paradoxurus (palmerullarar)
        • Paradoxurus hermaphroditus (asiapalmemår, asiatisk palmesivett)
        • Paradoxurus jerdoni (Jerdons palmemår)
        • Paradoxurus zeylonensis (gyllen palmemår)
    • Viverrinae (desmerkattar, genettekattar og linsangar)
      • Civettictis (afrikansk sivett)
        • Civettictis civetta (afrikasivett, afrikansk sivett)
      • Genetta (genettar)
        • Genetta abyssinica (abyssinsk genett)
        • Genetta angolensis (angolansk genett)
        • Genetta genetta (småflekka genett)
        • Genetta johnstoni (Johnstons genett)
        • Genetta maculata (pantergenett)
        • Genetta servalina (servalgenett)
        • Genetta thierryi (haussagenett)
        • Genetta tigrina (storflekket genett)
        • Genetta victoriae (kjempegenett)
      • Osbornictis (vassgenett)
        • Osbornictis piscivora (vassgenett)
      • Poiana (afrikansk linsang)
        • Poiana richardsonii (afrikansk linsang)
      • Viverra (desmerkattar)
        • Viverra civettina (malabarsivett)
        • Viverra megaspila (storflekksivett)
        • Viverra tangalunga (malaysivett)
        • Viverra zibetha (asiasivett, storsivett)
      • Viverricula (småsivett)
        • Viverricula indica (småsivett)

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads