Hamish Imlach
britisk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hamish Imlach (10. februar 1940–1. januar 1996) var ein skotsk folkemusikksongar.[1] Imlach var fødd i Calcutta av skotske foreldre,[1] men dei flytta tilbake til Glasgow då han var liten.[2] Han hadde avgrensa kommersiell suksess, men påverka mange andre artistar, ikkje minst John Martyn, Billy Connolly og Christy Moore. Imlach hadde eit godt omdøme i Sentral- og Nord-Europa som ein fengande liveartist.
Remove ads
Karriere
Imlach hadde den største hitten sin seint på 1960-talet med «Cod Liver Oil and the Orange Juice», ei humoristisk tolking av gospelstandarden «Virgin Mary Had a Little Baby», skriven av Ron Clark og Carl MacDougall.[3] Denne gav tittel til sjølvbiografien hans frå 1992, Cod Liver Oil and the Orange Juice - Reminiscences of a Fat Folk Singer.
Imlach blei beden om å bli med i den irske folkegruppa The Dubliners.[2] Han var ein tidleg aktivist mot atomvåpen,[1] og skreiv og framførte mange protestsongar i tillegg til komiske songar.
Remove ads
Utgjevingar
- Hamish Imlach (XTRA, 1966)
- Before and After (XTRA, 1967)
- Live (XTRA, 1967)
- The Two Sides of Hamish Imlach (XTRA, 1968)
- Ballads of Booze (XTRA, 1969)
- Old Rarity (XTRA, 1971)
- Fine Old English Tory Times (XTRA, 1972)
- Murdered Ballads (XTRA, 1973)
- Scottish Sabbath (Autogram, 1976)
- A Man's a Man (Autogram, 1978) med Iain MacKintosh
- The Sporting Life (Musikiste, 1981)
- Sonny's Dream (Lismor, 1985)
- Portrait (Musikiste, 1989)
- I Was Born in Glasgow (Gallus Music, 1991)
- Two's Company (Vindaloo Music, 1993) med Muriel Graves
- More and Merrier (Lochshore, 1995) med Muriel Graves og Kate Kramer
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads