Hamjern

From Wikipedia, the free encyclopedia

Hamjern
Remove ads

Hamjern var eit merkenamn nytta på traktorgravarar produserte av Hamar Jernstøberi. Eik & Hausken, som var importør av Fordson-traktorar til Noreg, hadde ein gong rundt 1950 teke til å importera Shawne gravemaskinar frå USA, som dei selde under merkenamnet «Wills gravemaskin». Men på grunn av ugunstig valutakurs vart maskinane kostbare[1]. Eigaren av Eik & Hausken, Johan Norlie, hadde i 1939 kjøpt storparten av aksjeane i Hamar Jernstøberi, og i 1953 tok føretaket til å produsera Shawne-maskiner på lisens, som dei selde under merkenamnet Hamjern[1]. I 1952/53 produserte dei tre ulike modellar av Shawnee sine maskiner og Fordson Major med Hamjern gravemaskinar vart eit vanleg syn i Noreg. Det vart etter kvart utvikla større maskinar og nokre vart monterte på Ford County.

Thumb
Hamjern gravemaskin.
Remove ads

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads