Hannah Mancini
amerikansk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hannah Mancini (fødd 12. mars 1980 i Los Angeles) er ein amerikansk songar.
EMA 2011
Saman med Sylvain og Mike Vale deltok ho i EMA 2011, den slovenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland, med songen «Ti si tisti». I finalen vart to bidrag røysta vidare til ein superfinale der vinnaren vart røysta fram med telefonrøysting.
Finalen
Songen starta som nummer åtte, etter «Ladadidej» av April og før «Pravi čas» av Time to Time. Bidraget gjekk ikkje vidare til superfinalen og fekk heller ikkje representere Slovenia i Eurovision Song Contest 2011.
Remove ads
Eurovision Song Contest 2013
1. februar 2013 annonserte Radiotelevizija Slovenija (RTV SLO) at dei hadde vald Mancini som representant for Slovenia i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige.[1] 14. februar vart den engelskspråklege songen «Straight Into Love» presentert på ei pressekonferanse.[2] Songen har ho skrive saman med Gregor Zemljic, Erik Margan og Matija Rodic. Sidan berre Frankrike, Italia, Spania, Storbritannia og Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige var direktekvalifisert til finalen måtte kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Slovenia vart tildelt ein plass i den fyrste semifinalen 14. mai 2013 i Malmö Arena.
Remove ads
Kjelder
{{liminn:omsett|en|dato= 17. mars 2013
- Denne artikkelen bygger på «Slovenia in the Eurovision Song Contest 2011» frå Wikipedia på engelsk, den 17. mars 2013.
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads