Hansjörg Kunze
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hansjörg Kunze (fødd 28. desember 1959) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Rostock som representerte Aust-Tyskland i langdistanseløp.
Kunze sette europarekord på 5 000 meter i Rieti 9. september 1981. Med livsbeste 13.10,4 slo han samstundes Henry Rono frå Kenya, ein løpar som hadde dominert på distansen. Sidan tok Kunze bronsemedaljen i milløpet under VM i friidrett 1983, etter ein heseblesande innspurt der Alberto Cova kneip gullmedaljen og Werner Schildhauer sølvmedaljen. Fire år seinare vann Kunze i Roma på ny bronsemedaljen på 10 000 m i verdsmeisterskap. Sommaren 1988 sette han personleg rekord på mila med 27,26,0, oppnådd i Bislett Games i Oslo. Under Sommar-OL 1988 i Seoul sikra han seg enno ein bronsemedalje, då på 5 000 meter.
Remove ads
Kjelder
- World Athletics
- Denne artikkelen bygger på «Hansjörg Kunze» frå Wikipedia på tysk, den 18. september 2023.
- «Hansjörg Kunze» (på engelsk). Olympedia.org. Henta 21. april 2024.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads