Harbardsbreen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Harbardsbreen er ein isbre i Breheimen i Luster kommune i Vestland. Han har eit areal på 36 km² og er den tiande største isbreen i landet om ein ser bort frå Svalbard.

Kjappe fakta Område, Type ...

NVE har føreteke hydrologiske undersøkingar av breen sidan 1996 og har mellom anna funne ei fordjupning under breen med ein istjukkleik på opp til 160 meter. Breen strekkjer seg om lag 12 km frå nord til sør og ligg i høgda frå 1250 meter over havet til 1970 meter over havet.

27. juni 2001 fall ein 34 år gammal svensk mann ned i ein bresprekk og omkom.[1]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads