Hard to Say I'm Sorry
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Hard to Say I'm Sorry» er ein song av den amerikanske rockegruppa Chicago. Han vart skriven av bandmedlemmet Peter Cetera og produsenten David Foster, og kom ut den 17. mai 1982 som den første singelen frå albumet Chicago 16. Songen låg to veker på toppen av Billboard Hot 100 i september det året.[1] Det var den første hitten deira på topp 50 i USA etter «No Tell Lover» i 1978.
Remove ads
Historie
Songen, og heile albumet som songen er på, markerte ei ny retning for Chicago frå den tradisjonelle blåsar-drivne stilen til ein meir polert og moderne stil. Det var minimalt med blåsarar på songen, som i staden nytta fleire lag med synthesizerar og tyngre, forvrengd elektrisk gitar i 80-talsstil. Dette vart gjort for å fornye bandet, etter at dei hadde hatt nokre år med dårlege salstal.
Albumversjonen av «Hard to Say I'm Sorry» glir rett over i ein annan song kalla «Get Away», som låg tettare til den eldre, blåsar-drivne Chicago-stilen. Dei fleste radiostasjonane spelte ikkje heile albumsporet, men valde å kutte songen før han glei over i «Get Away.»
I tillegg spelte fleire studiomusikarar på «Hard to Say I'm Sorry» featured. Produsenten David Foster spelte piano og tre medlemmar frå det amerikanske rockebandet Toto: Steve Lukather på gitar og David Paich og Steve Porcaro på synthesizerar. Songen vart sungen av Peter Cetera.
Songen vart òg nytta i filmen Summer Lovers i 1982.
Remove ads
Musikkvideo
Bandet framfører songen i eit svartfarga rom med diamantar på veggane.
Medverkande
- Peter Cetera - vokal, bassgitar, akustisk gitar
- David Foster - piano
- Steve Lukather - elektrisk gitar
- David Paich - synthesizer
- Steve Porcaro - synthesizer
- Danny Seraphine - trommer
Lister
Az Yet-versjonen
I 1996 spelte R&B-bandet Az Yet ein versjon av songen på debutalbumet deira. Singelen, som hadde med Peter Cetera på vokal, vart produsert av Babyface og nådde topp 10 på Billboard Hot 100. Han vart nominert til ein Grammy for beste song av R&B-gruppe.
Lister
Remove ads
Andre versjonar
- I 1983 vart ein tsjekkiskspråkleg versjon kalla «Cerný páv» spelt inn av Hana Zagorová med Stanislav Hložek og Petr Kotvald
- I 1996 gav Intrigue ut ein versjon av songen.
- I 1999 vart ein eurodance-miks av songen, kalla «Hold Me Now», gjeven ut av DJ Kaos for Dancemania SPEED 3.
- I 2003 gav det kanadiske gutebandet b4-4 ut ein versjon av songen for albumet In Your Face.
- I 2007 spelte det irkse bandet Westlife songen inn som B-side til singelen «Home».
- I 2008 spelte Barry Manilow songen på albumet The Greatest Songs of the Eighties.
- I 2010 spelte Yuna Ito songen som ein del av prosjektet hennar Yuna Ito ~ Respects.
Remove ads
Sampling
- Den tyske eurodance-gruppa Aquagen sampla versa frå songen (utan refrenget) i 2002 på albumet Weekender.[18]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads