Peter Cetera
amerikansk musikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Peter Paul Cetera (fødd 13. september 1944) er ein amerikansk songar, låtskrivar, bassist og produsent som er mest kjend som originalt medlem i rockegruppa Chicago og ein suksessrik solokarriere.[1] Som soloartist har han gjeve ut seks singlar som har nådd topp 40 i USA, mellom anna to som nådde toppen av Billboard Hot 100-lista.
Remove ads
Karriere
Cetera spelte i eit band kalla the Exceptions då han seint i 1967 vart rekruttert til eit anna band, Chicago Transit Authority, for å spele bass. Tidleg i 1970-åra hadde Chicago vorte eit av dei mest populære banda i AMerika med jazzrock-hittar som «Does Anybody Really Know What Time It Is?» og «Saturday in the Park», mange av dei med Cetera på vokal. I 1976 skreiv han den florlette balladen «If You Leave Me Now», og då denne nådde toppen av salslistene byrja Chicago å spele meir musikk i same softrock-stilen i åra som følgde. Det gjekk ikkje like bra med bandet mot slutten av tiåret, men i 1982 vendte Chicago attende til toppen av hitlistene med «Hard to Say I'm Sorry» og fleire store hittar, som «Hard Habit to Break» og «You're the Inspiration», følgde.
Sjølv om Cetera spelte inn debutalbumet sitt i 1981, vart han vereande fulltidsmedlem med Chicago fram til 1985. Då han slutta i bandet gjekk han raskt til toppen av listene med «The Glory of Love», den første singelen frå albumet Solitude/Solitaire, som i tillegg var kjenningsmelodien til filmen The Karate Kid, Part II. Same året hadde han nok ein stor hit med «The Next Time I Fall», ein duett med Amy Grant. Eit år seinare produserte han Agnetha Fältskog sitt I Stand Alone, og i 1988 gav han ut One More Story med ein ny duett, «After All», med Cher. Etter ein fire år lang pause gav han ut World Falling Down, som vart det siste albumet hans for Warner Bros. One Clear Voice kom ut i 1995, og i 1997 gav Cetera ut samleplata You're the Inspiration, med gamle hittar og nye songar. Cetera vendte attende til rampelyset i 2001 med Another Perfect World. I 2004 gav han ut julealbumet You Just Gotta Love Christmas.
Remove ads
Diskografi
- 1981 – Peter Cetera #143 US[2]
- 1986 – Solitude/Solitaire #23 US (2x platina), #56 UK[2]
- 1988 – One More Story #58 US (gull)[2]
- 1992 – World Falling Down #163 US (gull)[2]
- 1995 – One Clear Voice[2]
- 1997 – You're the Inspiration: A Collection #134 US (gull)[2]
- 2001 – Another Perfect World[2]
- 2004 – You Just Gotta Love Christmas[2]
Singlar
Filmmusikk
- 1982 – Summer Lovers – «Hard to Say I'm Sorry"
- 1983 - Two of a Kind - «Prima Donna"
- 1986 – The Karate Kid, Part II – «Glory of Love"
- 1987 – Princess from the Moon (jp) – «Stay With Me"
- 1987 – Three Men and a Baby – «Daddy's Girl"
- 1989 – Chances Are – «After All» (with Cher)
- 1990 – Pretty Woman – «No Explanation"
Fjernsyn
- 1990 – Baywatch – kjenningsmelodien (berre sesong 1) «Save Me»
- 2010 – Tim and Eric Awesome Show, Great Job! – Greene Machine
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads