Harry Truman av Chicago

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Harry Truman» er ein song skriven av Robert Lamm for gruppa Chicago og spelt inn for albumet deira Chicago VIII (1975), med solovokal av Lamm. Det var den første singelen frå albumet, og han nådde 13. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100.[1]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen vart skriven etter at president Richard Nixon trekte seg og teksten er ei hyllest til ein tidlegare president som Lamm meinte amerikanarane kunne stole på - den ærlege Harry S. Truman. «America needs you, Harry Truman».[2]

Trass i at han var populær når han kom ut, vart den Beatles-aktige «Harry Truman» berre med på to av samlealbuma til Chicago: Group Portrait (ute av opplag) og The Box. Han vart sjeldan spelt på konsertane til bandet.

Songen vart «framført» av Chicago seint i 1974 som ein del av Dick Clark's New Year's Rockin' Eve der ein kan sjå gitaristen Terry Kath som gjer narr av den tydelege miminga til bandet med å holde oppe kort med teksten på.

Remove ads

Medverkande

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads