Haustingefær

planteart From Wikipedia, the free encyclopedia

Haustingefær
Remove ads

Haustingefær (Hedychium coronarium) er ei plante i haustingefærslekta i ingefærfamilien.[1] Arten kjem opphavleg frå Sør-Asia.[2]

Kjappe fakta
Remove ads

Utbreiing og habitat

Haustingefær veks typisk i skog.[3] Planta stammar frå lauvskog i Aust-Himalaya som ein finn i India (Sikkim og Tripura), Bangladesh, Nepal og Bhutan, heilt nord i Myanmar og Thailand, sørlege Kina (Yunnan, Sichuan, Hunan, Guangxi og Guangdong) og Taiwan.[3][4] Ho finst no ei rekkje andre stader i verda.

Cuba

Haustingefær er nasjonalblomeCuba, der han er kjend som mariposa (bokstaveleg 'sommarfugl') på grunn av forma si. Kvinner pleidde å pynta seg med den velluktande blomen i kolnitida, og skal ha brukt blonmane til å skjula hemmelege meldingar under frigjeringskrigane på 1800-talet.[5] Planta finst forvilla i det kjølige, fuktige fjellområdet i Sierra del Rosario i Pinar del Rio-provinsen i vest, Escambrayfjella sentralt på øya og i Sierra Maestra heilt i aust.

Noreg

I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og som vart funnen forvilla ved Drammen i 2006 og 2007.[2] I Framandartslista 2018 er arten ikkje risikovurdert (NR).[6]

Invasiv art

Utanfor det opphavlege utbreiingsområdet kan haustingefær opptre som invasiv art i bekk- og sumpområde. Er han fyrst etablert kan han vera vanskeleg å få bort på grunn av vegetativ reproduksjon gjennom underjordiske rotknollar.[7] Han vart innført til Brasil under slavetida, der blada skal ha blitt brukt av afrikanske slavar til liggeunderlad, og finst no forvilla i delstaten Rio de Janeiro (der han er rekna som invasiv), Bahia og Espírito Santo.[7][8] Arten vart innført som prydplante til Hawaii kring 1888 av kinesiske innvandrarar, og er no rekna som ein invasiv art i fuktige og våte delar av Maui og øya Hawaii.[9] Haustingefær er også rekna som invasiv i Sør-Afrika, der han er erklært som ugras og auking av planta er ulovleg.[10] Han er også invasive på Ny-Caledonia.[11]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads