Heartache Tonight
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Heartache Tonight» er ein song skriven av Don Henley, Glenn Frey, Bob Seger og J.D. Souther, og spelt inn av Eagles. Songen vart spelt inn for albumet The Long Run og gjeven ut som singel i 1979. Han nådde toppen av den amerikanske Billboard Hot 100 i november det året. Han låg berre på toppen av lista i ei veke, men selde 1 million eksemplar. Det var den siste singelen til Eagles som nådde toppen av Hot 100.
Bandet vann Grammyprisen for beste rockesong av duo eller gruppe. Songen oppstod frå ein elektrisk jam mellom Glenn Frey og J.D. Souther, som vitja Frey heime i Los Angeles når han var i byen. Frey og Souther skreiv det første verset medan dei lytta til Sam Cooke-songar. Under jamminga, ringte Frey til Seger og song han verset. Seger song så refrenget attende til dei. I følgje Frey, «J.D. [Souther], Don og eg skreiv songen ferdig. Ingen tunge tekstar - songen er meir ein leik - og det var det som var meininga.»[1] Songen er sidan blitt spelt inn ac countryartisten John Anderson på hyllestalbumet Common Thread: The Songs of the Eagles og av Michael Bublé på albumet Crazy Love.
Remove ads
Medverkande
- Glenn Frey: solovokal, rytmegitar
- Don Henley: trommer, korvokal
- Joe Walsh: Slidegitar
- Don Felder: Rytmegitar
- Timothy B. Schmit: bassgitar, korvokal
- Bob Seger: korvokal (ikkje oppført på plateomslaget)
Lister
Conway Twitty-versjonen
«Heartache Tonight» vart spelt inn fire år seinare av countryartisten Conway Twitty. Han gav songen ut som den andre singelen frå albumet Lost in the Feeling og versjonen hans nådde sjetteplassen på Billboard Hot Country-lista hausten 1983.[3]
Twitty-versjonen hadde med Osmond-brørne på korvokal.
Lister
Norsk versjon
Eldar Vågan skreiv ein norsk tekst til melodien og kalla han «Hembrent i kvæll». Denne vart spelt inn av Vazelina Bilopphøggers og gjeve ut på albumet 24 timers service i 1980.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads