Don Henley
amerikansk musikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Donald Hugh «Don» Henley (fødd 22. juli 1947) er ein amerikansk songar-låtskrivar, produsent og trommeslagar, mest kjend som medlem i Eagles og ein suksessrik solokarriere. Henley var trommeslagar og ein av solovokalisten i Eagles frå 1971 til 1980, då bandet vart oppløyst, og frå 1994 og fram til i dag. Henley song solovokal på hittar av Eagles, som «Witchy Woman», «Desperado», «Best of My Love», «One of These Nights», «Hotel California», «Life in the Fast Lane» og «The Long Run».
Etter Eagles vart oppløyst i 1980, la Henley ut på ein solokarriere og gav ut debutalbumet I Can't Stand Still, i 1982. Han gav ut fire studioalbum, to samlealbum og ein konsert-DVD. Av solohittane hans finn ein «Dirty Laundry», «The Boys of Summer», «All She Wants to Do Is Dance», «The Heart of the Matter», «The Last Worthless Evening», «Sunset Grill», «Not Enough Love in the World», «New York Minute» og «The End of the Innocence».
Eagles har selt over 150 million album verda over, vunne seks Grammy-prisar og hatt fem singlar på toppen av singellista i USA, 17 singlar inne på topp 40 og seks album på toppen av albumlista. Dei vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1998 og er det mestseljsande amerikanske bandet gjennom historia. Som soloartist har Henley selt over 10 millionar album verda over og hatt åtte singlar på topp 40 i USA. Han har vunne to Grammy-prisar og fem MTV Video Music Awards. I lag med Eagles og som soloartist, har Henley gjeve ut 25 singlar som har nådd topp 40 på Billboard Hot 100. I 2008 vart han rangert som den 87. beste songaren gjennom tidene av Rolling Stone.[1]
Henley har òg spelt ei rolle i fleire miljøsaker og innan politikken, mellom anna Walden Woods Project.[2] Sidan 1994 har han delt tida si mellom Eagles og soloprosjekta sine.
Remove ads
Personleg liv
Seint i 1970-åra var Henley ei kort stund saman med Fleetwood Mac-songaren Stevie Nicks, då forholdet hennar med Mick Fleetwood var over.[3] Han byrja så eit tre år langt forhold med skodespelaren, modellen og Bond-jenta Lois Chiles.[4]
Henley ringde til sjukebil den 21. november 1980, då ei 16 år gammal jente vart funnen i heimen hans, naken og med overdose på quaaludes og kokain. Ho vart arrestert for prostitusjon, medan ei 15 år gammal jente i huset vart arrestert for å vere påverka av narkotika.[5][6][7] Henley vart arrestert og fekk ei bot på 2500 dollar og ei prøvetid på to år.[8] Chiles, som ikkje lenger var i forhold med Henley sa på den tida, «eg vart sjokkert då eg høyrte om dette. Han hadde aldri narkotika heime. Det var ei ulukke, det er eg sikker på.»[4]
Tidleg i 1980-åra var Henley forlova med Battlestar Galactica-skodespelaren Maren Jensen. Det første soloalbumet hans (I Can't Stand Still) er tileigna Jensen, som òg syng harmonivokal på songen «Johnny Can't Read.» Henley og Jensen vart separerte i 1986.[9]
I 1995 gifta Henley seg med Sharon Summerall, ein tidlegare modell frå Texas. I bryllaupet var mellom andre Bruce Springsteen, Sting, Billy Joel, John Fogerty, Jackson Browne, Donna Lewis, Sheryl Crow, Glenn Frey og Tony Bennett. Henley skreiv seinare songen «Everything Is Different Now» frå albumet Inside Job for kona. Sharon har diagnosen multippel sklerose.[10] Dei har tre barn i lag, to jenter og ein gut.
I 2012 vart Henley oppført som den fjerde rikaste trommeslagaren i verda, bak Ringo Starr, Phil Collins og Dave Grohl, med ein formue på 200 millionar dollar.[11]
Remove ads
Diskografi
- For meir om dette emnet, sjå diskografien til Eagles.
- I Can't Stand Still (1982)
- Building the Perfect Beast (1984)
- The End of the Innocence (1989)
- Inside Job (2000)
- Cass County (2015)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads