Heartattack and Vine

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Heartattack and Vine er det sjuande albumet til Tom Waits. Det vart gjeve ut i 1980Asylum Records. Albumet gjev enkelte teikn til den musikalske retninga Waits skulle ta utover 1980-talet med ein meir eksperimentell stil og stadig grovare og brummande stemme. Slik sett fungerer albumet som ein overgang mellom Blue Valentine og Swordfishtrombones. Her finn ein balladar som «Saving All My Love for You», «On the Nickel» og «Ruby's Arms» som er i same gate som balladane hans frå 1970-åra og songar som tittelsporet og «'Til the Money Runs Out» som i større grad peikar framover mot «Swordfishtrombones».

Meir informasjon Tom Waits-kronologi ...

«Jersey Girl» er kanskje den mest kjende songen på albumet. Songen er ein kjærleikssong skriven til kona Kathleen Brennan. Mest gjenkjenneleg er kanskje «shalalala»-synginga på refrenget. Bruce Springsteen spelte «Jersey Girl» mykje på konsertane sine på 1980-talet og skreiv til og med eit ekstra vers til songen og var med på å gjere Tom Waits kjend for eit breiare publikum. Songen vert ofte rekna som ein Springsteen-likande song og Tom Waits sa i 1987: «Bruce Springsteen? Vel eg har gjort alt eg kan for han no. No må han klare seg på eigahand» [1].

Remove ads

Innhald

Alle songar er skriven av Tom Waits.

  1. «Heartattack and Vine» – 4:50
  2. «In Shades» – 4:25 (Instrumental)
  3. «Saving All My Love for You» – 3:41
  4. «Downtown» – 4:45
  5. «Jersey Girl» – 5:11
  6. «'Til the Money Runs Out» – 4:25
  7. «On the Nickel» – 6:19
  8. «Mr Siegal» – 5:14
  9. «Ruby's Arms» – 5:34

Musikarar

Remove ads

Fotnotar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads