Heatmiser

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Heatmiser var ei alternativ rock-gruppe som kom frå Portland. Gruppa bestod av Elliott Smith (gitar og vokal), Neil Gust (gitar og vokal), Brandt Peterson (bass; vart seinare erstatta av Sam Coomes, og Tony Lash (trommer)).

Kjappe fakta Opphav, Aktiv ...

Neil Gust og Elliott Smith møtte og stifta gruppa saman med Jason Hornick (som gjekk på skule i nærleiken og hadde spelt i ei ungdomsskulegruppe saman med Smith). Hornick si tid i gruppa var kort, mest sannsynleg grunna studia, og snart bestod gruppa berre av Gust og Smith. Begge studerte ved Hampshire College i Amherst i Massachusetts på den tida. På klubbar i nærleiken av Northampton spelte duoen originale songar, og cover-songar av Ringo Starr og Elvis Costello.

Etter at dei var ferdige med skulegonga på Hampshire og returnerte til Portland, omorganiserte Smith og Gust gruppa til å bestå av medlemane dei er kjend for i dag (Brandt Peterson vart erstatta av Sam Coomes i 1994), Tony Lash gjekk på ungdomsskulen saman med Elliott Smith, og spelte fløyte i skulebandet. Han slutta i 1994, før det som skulle bli deira siste turne.

Remove ads

Diskografi

Studioalbum

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads