Heidi Sundal
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Heidi Sundal (fødd 30. oktober 1962) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Oslo, som vann to OL-sølv og to VM-bronsar i tida 1986-93. Linjespelaren spelte i alle år på Nordstrand IF og vart noregsmeister med klubben i 1987.
Sundal debuterte på Noregs landslag i ein kamp mot Jugoslavia den 8. november 1980. I desember 1986 var ho ein av dei sentrale spelarane då Noreg overraska og vann bronsemedaljen under handball-VM i Nederland. Både under Sommar-OL 1988 i Seoul og Sommar-OL 1992 i Barcelona spelte ho ei viktig rolle då Noreg vann sølvmedaljar i begge handballturneringane. Då Noreg på heimebane vann bronsemedaljen i handball-VM 1993 etter 20-19 mot Romania i bronsefinalen, vart ho kåra til den beste linjespelaren i meisterskapen.
Sundal deltok i 269 landskampar og skåra 731 mål for Noreg.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Heidi Sundal» frå Wikipedia på bokmål, den 4. desember 2016.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads