Helene Olafsen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Helene Olafsen (fødd 21. februar 1990 i Oslo) er ein norsk programleiar og tidlegare snøbrettkøyrar.
Remove ads
Karriere
Olafsen er frå Oppegård og representerte Kolbotn IL. Ho var elev ved Wang Toppidrett i Oslo. I 2007, 16 år gammal, tok ho VM-bronse i snowboardcross.[1]
I 2017 vann Olafsen den 13. sesongen av Skal vi danse saman med dansaren Jørgen Nilsen.[2] Etter Skal vi danse vart Olafsen og Nilsen eit kjærastepar, og i 2019 trulova dei seg.[3]
I januar 2018 leia Olafsen Idrettsgallaen frå Hamar saman med Atle Pettersen[4] og vart nominert til publikumsprisen under Gullruten 2018 for programmet.[5] I februar 2018 var ho reporter og ekspert for Eurosport/TVNorge under snowboardsendingane frå vinter-OL i Sør-Korea og vart tilsett i TV 2 frå mars same år.[6].
I 2018 tok Olafsen og Stian Blipp over Senkveld.[7] Dei gav seg i 2021 og det vart kjent at Senkveld skulle leggjast ned etter 20 år på skjermen.[8] Ho er ein av deltakarane i TV2 sitt nye underhaldingsprogram Norges nye megahit.[9] Songen «Ludvig Daae», som Olafsen framførte i fyrste program, gjekk inn på toppen av den norske topp 50-lista på Spotify etter fire dagar.[10]
Remove ads
Andre merittar
- NM-gull i slopestyle 2007
- Sølv i junor-VM big air
- Fyrsteplass i eit verdscuprenn i Leysin
- 2007: Juniorverdsmeister
- 2007: Femteplass i Winter X Game sitt
- 2007/2008: Nummer ti samanlagt i verdscupen i snowboardcross
- 2007/2008: Nummer fem samanlagt i verdscupen i snowboardcross (med 3 570 av i alt 4 160 poeng)
- 2009: Seniorverdsmeister
- 2009: Sølv i X-Games, snowboardcross
- 2010: Fjerdeplass i Vinter-OL, snowboardcross
Remove ads
Deltakingar på fjernsyn
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads