Senkveld med Helene og Stian
Norsk talkshow med Helene Olafsen og Stian Blipp, sendt på TV2 From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Senkveld med Helene og Stian var eit norsk underhaldningsprogram, leia av Helene Olafsen og Stian Blipp, som gjekk på TV 2. Programmet hadde premiere 14. september 2018, og er produsert av The Oslo Company.[1] Det hadde si siste innspeling i mai 2021.[2]
Programmet blei sendt på fredagar.
Premieren fekk gode sjåartal og vart sett av 582 000 ved oppstarten.[3] Det var 51,9 prosent av alle TV-sjåarane.[4] Programmet fekk gode meldingar i både VG og Dagbladet.[5]
Remove ads
Programmet
Struktur
Programmet byrjar med ein monolog der dei to programleiarane snakkar om ulike nyhende frå den siste veka. Deretter introduserar dei ein eller fleire gjestar som blir intervjua. I motsetning til andre snakkeprogram sit programleiarane i Senkveld med Helene og Stian i sofaen saman med gjestane, og ikkje bak ein pult.
Faste innslag
Ukens tilbakemeldinger
Dei to programleiarane tar for seg ulike tilbakemeldingar som dei har fått på sosiale medier sidan forrige program.
Camp Senkveld
Innslaget er tatt med vidare frå Senkveld med Thomas og Harald, men med nokre endringar.
Sesong 1
I den fyrste sesongen av Camp Senkveld konkurrerte Team Senkveld mot Team Mesterne, som er samansett av tidligare deltakarar i NRK-programmet Mesternes Mester.
Innspelinga byrja i Kragerø i starten av august 2018.[6]
Deltakerar
Sesong 2
I den andre sesongen av Camp Senkveld konkurrerte Team Senkveld mot Team Vinterheltene, som er samansett av tidligare idrettsutøvarar i vintersport.
Innspelinga byrja på Geilo i starten av januar 2019, og var ferdig 22. januar[7][8]
Deltakarar
Remove ads
Episodar
Sesong 1
Sesong 2
Sesong 3
Sesong 4
Remove ads
Mottaking
Sjåartal
Premieren av Senkveld med Helene og Stian vart sett på av 582 000, og hadde ein sjåarandel på 51,9 blant alle TV-sjåarar.[9] Sjåartala var det beste som programserien har hatt sidan tilbake i 2015. Sesongavslutninga vart sett av 390 000.[10]
Meldingar
Premieren av programm fekk terningskast fire i VG, og i følge meldaren var programmet «mer likandes enn på lenge».[11] I Dagbladet fekk premieren terningkast fem og meldaren meinte at programmet bydde på ny energi, sjølv om formatet var uforandra.[12]
Sending
Senkveld med Helene og Stian blei sendt linært på TV 2 på fredager. Programmet blei òg gjort tilgjengelig for strømming på kanalen si strømmeteneste TV 2 Sumo.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads