Hella-Vangsnes-Dragsvik

ferjesamband From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Hella-Vangsnes-Dragsvik er eit trekant-ferjesamband over Sognefjorden mellom Hella, Vangsnes og Dragsvik, der Dragsvik-Hella kryssar munninga til Fjærlandsfjorden. Hella låg tidlegare i Leikanger kommune og Dragsvik låg tidlegare i Balestrand kommune. Etter at kommunereforma vart sett i verk i 2020 ligg Hella og Dragsvik no i Sogndal kommune, medan Vangsnes framleis ligg i Vik kommune. Trekantsambandet inngår i Riksveg 13 og er operert av Norled med ferjene MF «Hella», MF «Dragsvik» og MF «Leikanger».

Kjappe fakta Rutenummer, Trasé ...

Ferjesambandet vart til i 1956 som sambandet Vangsnes-Hella-Dragsvik-Balestrand då det erstatta sambandet Grinde-Vangsnes-Balestrand som fylgje av opninga av ny veg til Hella og nye ferjeanlegg på Hella og Dragsvik. Balestrand vart sløyfa som fast stopp på sambandet i 1985 då Dragsvik var utvida til dobbel ferjekai. Sidan har ein eller annan morgonturen mellom Dragsvik og Hella ofte hatt eit stopp på Balestrand som eit tilbod til lokale pendlarar, sjå Skyss for gjeldande rutetilbod.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads