Dragsvik ferjekai
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dragsvik ferjekai opna i 1956 for å betra kapasiteten på ferjeleiet på Balestrand-sida av Sognefjorden i samband med opninga av vegen over Vikafjellet mellom Vangsnes og Voss, og ny veg frå Grinde i Leikanger til ny ferjekai på Hella. På dette tidspunktet var det samanhengande veg sørover til Balestrand og nordover til Vetlefjorden, og desse stadane vart dimed sløyfa frå det nye trekantsambandet Hella-Vangsnes-Dragsvik.
Den opphavlege ferjelemmen med forankringskai stod i om lag 60 gradar vinkel i forhold til oppstillingsplassen. På 1970-talet vart oppstillingsplassen utvida og ny 4 m brei ferjelem vart installert om lag 30 meter inn på gamle oppstillingsplassen for å betre ein betre av- og påkøyringsvinkel. I løpet av det neste tiåret vart det bygd ei ny ferjekai med 6 m brei ferjelem på sørsida av den eksisterande med ny veg over den gamle forankringskaia. Neste runde med oppgradering var i 2019-2020, då den søre kaia vart oppgradert med ei 12 m brei ferjelem og anlegg til å fasilitere elektriske ferjer på sambandet. Samstundes er gamlekaia frå 1970-talet framleis utstyrt med 4 m brei ferjelem, og fungerer som reserverkai.
Remove ads
Kjelder
- Finn Borgen Førsund (1998). Dampen og kaia : stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998. Førde: Selja forlag. s. 120. ISBN 82-91722-04-8.
- Magnus Helge Torvanger (2008). Frå dampskip til gassferjer : Fjord1 Fylkesbaatane 150 år : 1858-2008. Førde: Selja forlag. s. 81-82. ISBN 978-82-91722-93-1.
Bakgrunnsstoff
- Kristin Ese: «Leikanger-Hella og Vetlefjord-Dragsvik» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
- «Nye ferjekaiar på riksveg 13 er i drift» på nettstaden til Statens vegvesen
Denne samfunnsartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads