Henny Reistad
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Henny Ella Reistad (fødd 9. februar 1999) er ein norsk handballspelar frå Oslo som frå 2021 gjer teneste i danske Esbjerg. Ho vart europameister 2020 og 2022, verdsmeister 2021 og olympisk meister 2024 med Noregs landslag. Våren 2021 vann ho EHF-meisterligaen med IK Våg. Reistad er venstre rykkromspelar. Pr august 2024 har ho delteke i 90 landskampar og skåra 372 mål.
Remove ads
Reistad var aktiv på Stabæk IF sitt lag i eliteserien frå 2015 til -18. Ho bidrog til at laget nådde finalen noregsmeisterskapen 2017. Perioden 2018-21 spelte ho på IK Våg, kjend som Vipers, Noregs suverene topplag i kvinnehandball. Med laget frå Kristiansand vart ho seriemeister 2019, 2020, 2021 og vinnar EHF-meisterligaen i 2021.
Reistad fekk sin landslagdebut 22. november 2018 og deltok i EM 2018 i Frankrike, der Noreg enda på femteplass. Grunna skade var ho ikkje aktuell til VM 2019. Under europameisterskapen 2020 i Danmark markerte ho seg som ein av dei viktigaste spelarane i det norske mannskapet. I EM-finalen mot Frankrike skåra ho 2 av dei norske måla i ein kamp som enda med norsk siger 22-20. Året etter vart ho med 6 mål toppskårar i VM-finalen då Noreg atter vann ein internasjonal meisterskapsfinale. I finalen mot Frankrike under Sommar-OL 2024 vart Reistad kampens toppskårar med sine 8 nettkjenningar.
Remove ads
- EM 2018: Nr 5 etter 38–29 mot Sverige
- EM 2020: Gullmedalje etter 22–20 mot Frankrike
- OL i 2021: Bronsemedalje etter 36–19 mot Sverige
- VM 2021: Gullmedalje etter 29–22 mot Frankrike
- EM 2022: Gullmedalje etter 27–25 mot Danmark
- VM 2023: Sølvmedalje etter 28–31 mot Frankrike
- OL 2024: Gullmedalje etter 29–21 mot Frankrike
- EM 2024: Gullmedalje etter 31–23 mot Danmark
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Henny Reistad» frå Wikipedia på bokmål, den 19. desember 2020.
- handball.no
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads