Henrik Rogstad

From Wikipedia, the free encyclopedia

Henrik Rogstad
Remove ads

Henrik Daae Rogstad (fødd 13. april 1916 i Trondheim, daud 10. mai 1945 i Bærum) var ein norsk nazist. Han var fylkesførar i Nasjonal Samling (NS) for Sør-Trøndelag under andre verdskrigen, og leiar for Hirden og Statspolitiet mot slutten av krigen.

Kjappe fakta
Remove ads

Liv og virke

Thumb
Rogstad i hirduniform ved sida av Vidkun Quisling, «føraren» i Nasjonal Samling (NS), under eit partiarrangement i Trondheim hausten 1941.

Han var ei kort tid med i NS si ungdomsfylking i 1936, men kom ikkje aktivt med i partiet før sommaren 1940. Rogstad vart snart fylkesførar for Sør-Trøndelag[1] på initiativ av generalsekretæren i NS, Rolf Jørgen Fuglesang. Han vart verdsett for å ha ein særs sosial profil, ved at han blant anna lånte ut leilegheita sin til bustadsløyse ved nokre høve.

Rogstad vart rekna blant dei mest tyskvennlege blant dei norske nazistane og vart kritisert, òg innover i NS, for å hjelpa tyskarane i Trondheim med å setja opp gissellista ved unntakstilstanden i 1942.[2][3] Etter likvideringa av Karl Marthinsen 8. februar 1945 vart Rogstad òg øvste leiar for Hirden.

Då nederlaget nærma seg vinteren og våren 1945 tilhøyrde Rogstad dei mest stridbare og kampinnstilte i NS, saman med blant andre Jonas Lie. I februar 1945 vart han utnemnd til leiar for Hirden, og starta førebuing på å kunna omdanne denne til ei militær eining i tysk teneste dersom det vart ein alliert invasjon. Heilt utan politibakgrunn og trass sterke protestar frå politiet vart Rogstad i april 1945 òg ansvarleg for Statspolitiet.[4]

I mai 1945 forskansa ei lita gruppe seg på Skallum gard i Bærum saman med han, Jonas Lie og Sverre Riisnæs, inntil dei vart oppfordra til å forlata garden. Alle, bortsett frå Rogstad, Lie og Riisnæs forlét garden. 10. mai skaut Henrik Rogstad seg i matstova på Skallum gard.[5][6] Lie døydde, sannsynlegvis av stress og stort alkoholkomsum. Riisnæs overgav seg til slutt åleine som einaste gjenverande.

Rogstad hadde gifta seg med tyske Ilse Fleckner den 6. mai 1945, fire dagar før han døydde, og hadde nyleg vorte far. Han er gravlagd i Trondheim.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads