Hermon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hermon (arabisk جبل حرمون , جبل الشيخ, Jabal al-Shaykh / «Høvdingfjellet» «Jabal Haramun»; hebraisk הר חרמון, Har Hermon, «Hermon») er eit fjell i Anti-Libanonfjella. Toppen ligg på begge sider av grensa mellom Syria og Libanon[1] og med ei høgd på 2 814 moh. er fjellet det høgaste i Syria.[2] På toppen ligg «Hermon Hotel» i buffersonen mellom Syria og det israelskokkuperte territoriet, den høgaste permanent bemanna SN-stillinga i verda.[3] Sørsida av Hermon strekkjer seg til den israelskokkuperte delen av Golanhøgdene, der Hermon skisenter ligg.[4] Ein topp i området stig til 2 236 moh. er det høgaste punktet i det israelskkontrollerte området.
Remove ads
Geografi
Hermon er i røynda ei gruppe fjell med tre fråskilde toppar, som har omtrent same høgd. Anti-Libanonfjella strekkjer seg kring 150 km frå nordaust til sørvest, og går parallelt til Libanonfjella i vest. Hermonfjella dekkjr kring 1000 kvadratkilometer, der 70 km² er under israelsk kontroll. Det meste av Hermon som ligg i Golanhøgdene dannar Hermon naturreservat.
På grunn av høgda si, fangar fjellet ein god del nedbør i eit særs tørt område av verda. Kalksteinen frå juratida er broten opp av forkastingar og kanalar som dannar ein karsttopografi. Hermon får snø om vinteren og våren som dekkjer alle dei tre toppane det meste av året. Smeltevatn frå dei snødekte fjella på vest- og sørsida siver ned i kanalar og porer, og gjev vatn til kjeldene ved foten av fjellet, som dannar bekkar og elvar. Desse flyt saman og dannar Jordanelva. I tillegg gjev overflatevatn liv til planter nedanfor snøgrensa, der det finst mange vingardar og mykje furu, eik og poppel.
Kjeldene, og sjølve fjellet, er ønskt av nasjonane i området fordi dei er rike på vatn.
Remove ads
Klima
Remove ads
Skisenter

Sidan 1981 har den israelskokkuperte delen av Golanhøgdene vore underlagt Golanhøgd-lovene. På Hermon ligg det einaste skisenteret i Israel. Dei som driv skisenteret bur i den nærliggande isrelske busetnaden Neve Ativ og drusarbyen Majdal Shams. Skisenteret har ein skiskule, skipatrulje og fleire restaurantar nedst eller øvst i området. I 2005 hadde dei syriske styresmaktene planar om å utvikle eit anna skisenter på i fjellsida.[5]
Sjå òg
- Hermon naturreservat
- Golanhøgdene
- Det første slaget ved Hermon
- Det andre slaget ved Hermon
- Det tredje slaget ved Hermon
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads