Hilde Fenne

From Wikipedia, the free encyclopedia

Hilde Fenne
Remove ads

Hilde Fenne (fødd 12. mai 1993) er ein norsk skiskyttar frå Voss. Ho var med på Noregs lag som vann kvinnestafetten i VM i skiskyting 2013. Skiskyttarane Gisle Fenne og Helga Øvsthus er foreldra hennar.

Kjappe fakta

Fenne var med på det norske laget som vann verdscup-stafetten i Hochfilzen 9. desember 2012. Trass i at ho ikkje hadde betre enn ein 28. plass i verdscuprenn å vise til, fekk ho gå startetappen for Noreg i 4 x 6 km stafett under VM i skiskyting 2013 i Nové Město na Moravě i Tsjekkia. På ståande skyting pådrog ho seg ein strafferunde, men framifrå etappar av lagvenninnene Ann Kristin Flatland, Synnøve Solemdal og Tora Berger sikra ein norsk gullmedalje.

Individuelt har ikkje Fenne lukkast å hevde seg mot verdseliten i skiskyting. Ein åttandeplass på jaktstarten i Pokljuka i desember 2015 er hennar beste plassing i verdscupen i skiskyting.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads