Hilmar
mannsnamn From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hilmar er eit mannsnamn av gammalhøgtysk opphav. Det er sett saman av orda hiltja, 'kamp', og mari, 'kjent'.
Hilmar har namnedag den 16. januar i Noreg.
Andre former av namnet er Helmar, Hilmer, Hildemar og Hildimar. Kvinnelege former er Hilma, Hilmara og Helmara.
Bruk
Namnet har vore brukt i tysktalande og nordiske område. I Noreg var namnet mest brukt dei siste tiåra av 1800-talet. Bruken avtok på første halvdel av 1900-talet, og har vore lite brukt sidan. I 2008 var det 606 norske menn som heitte Hilmar.
Kjende namneberarar
- Hilmar Meincke Krohg (1776-1851), eidsvollsmann
- Hilmar Reksten (1897–1980), norsk skipsreiar
- Hilmar Alexandersen (1903–1993), norsk felespelar og komponist
- Hilmar Baunsgaard (1920-1989), dansk politikar
- Hilmar Thate (f. 1931 ), tysk skodespelar
- Hilmar Kabas (f. 1942), austerriksk politikar
- Hilmar Fredriksen (f. 1953), norsk kunstnar
- Hilmar Örn Hilmarsson (f. 1958), islandsk musikar
Kjelder
- Søk etter norsk namnestatistikk for Hilmar hjå Statistisk Sentralbyrå
- Denne artikkelen bygger på «Hilmar» frå Wikipedia på bokmål, den 16. januar 2009.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads